Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

11 millioner kroner til planlegging på Ås

Eivind Norum

Regjeringa set av 11 millionar kroner til å starte planlegginga et nytt og sammenslått universitet og tilhøyrande forskingsinstitutt på Ås.



- Eg er viss på at ei samanslåing av dei viktigaste fagmiljøa vil gje eit breiare fagleg grunnlag som vil komme matproduksjonen både i Noreg og resten av verda til gode, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Løyvinga skal sikre framdrift i førebuingane av at Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet saman skal flytte til Ås og bli ein del av det vitskaplege miljøet der. Det er og viktig å førebu at Noregs veterinærhøgskole blir organisert saman med Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås.

Av dei 11 millionane som går til denne prosessen løyver Landbruks- og matdepartementet saman med Kunnskapsdepartementet 6 millionar kroner medan 5 millionar kroner er på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett til Statsbygg.

Styrke forskingsmiljøa
Investeringane i det nye miljøet på Ås skal gi gode forskingslokalar og infrastruktur. Dei skal og gjer det mogleg å betre samarbeidet med forskingsinstitutta som alt er på Ås: Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima. Hovudføremålet er å sikre en størst mogleg produksjon av kunnskap og utdanning av morgondagens kandidatar.

Samstundes med å sikre flytteprosessen økonomisk vil Landbruks- og matdepartementet samarbeide vidare med Fiskeri- og kystdepartementet og Kunnskapsdepartementet for å styrke forskingsmiljøa innan områda mattryggleik, dyrevelferd og fiskehelse.

Kjelde: Landbruks- og matdepartementet

Oppdatert: 07.10.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]