Aktuelt
Ås i Latin-Amerika
Trond Solem
Den norske regjeringa vil utvikle eit permanent kompetansemiljø for Latin-Amerika. UMB og Ås-miljøet er klare til å vere med på jobben, med tilsaman 26 forskarar.
-Vi har mykje å lære av Latin-Amerika. Dette vil gje norsk utviklingspolitikk ny og viktig lærdom, seier førsteamauensis Randi Kaarhus.
Regjeringa har løyvd 15 millionar til forsking i Latin-Amerika. Den nye forskingsministeren, Tora Aasland, lovar å trappe opp fram mot 2010.
Dei aktuelle forskarane på Ås har alt hatt det første arbeidsmøtet, etter initiativ frå Bioforsk. Universitetet for miljø- og biovitskap, Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap har til saman 26 forskarar som arbeider med Latin-Amerika-spørsmål, dei fleste innan naturvitskaplege fag.
- Må tenkja politikk
Førsteamanuensis og soasialantropolog Randi Kaarhus ved UMB sitt institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar (Noragric) har lang røynsle frå regionen. Ho tok magistergraden med forsking på historie, språk og kultur hjå Andesindianarane.
I doktorgradsarbeidet sitt såg ho på landbrukspolitikk i Ecuador og Norge. Nå er ho mellom anna rettleiar for ein doktorgradsstudent som gjer feltarbeid i Ecuador.
-Vi har mykje å lære av Latin-Amerika, seier Randi Kaarhus.Derfor er denne satsinga viktig for norsk utviklingspolitikk. Her vil vi få ny kunnskap, mellom anna om mobilisering av lokalsamfunn.
Fagorganisasjonar i Bolivia er eit godt døme på kor viktige folkelege organisasjonar er for utviklinga i Latin-Amerika.
-Vi kan ikkje jobbe med utvikling i Latin-Amerika utan å ta inn over oss den politiske dimensjonen. Det er og viktig for norsk utviklingshjelp å få erfaring med slike problemstillingar, meiner Kaarhus.
UMB til Brasil
Noragric avtalar om studentutveksling med Earth University og CATIE i Costa Rica. I år er det og starta samarbeid med Instituto Socio-Ambiental (ISA) i Brasil, som har Kirkens Nødhjelp og Regnskogfondet som viktige samarbeidspartar.
Nå drøftar ein felles forsking og studentutveksling mellom Noragric og ISA. Noragric har spesiell fokus på indianarane sine rettar til naturessursar.
Akvakultur og naturforvaltning
UMB har og fem akvakultur-forskarar og seks forskarar innen naturforvaltning som arbeidar med det sørlige Amerika. For akvakulturen er det Chile som gjeld, eit av der store landa i ei voksande næring.
Institutt for naturforvaltning på UMB har seks forskara som er engasjert innen blant annet effektar av klimaendringer, naturressursforvaltning, tropisk økologi og miljøforstyrrelser.
Institutt for naturforvaltning har erfaring frå Mexico, Costa Rica, Brasil, Guatemala, Nicaragua og Chile.
NB Noragric held kurs i spanks!
Oppdatert: 22.11.07
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: