Aktuelt
Brimi æresdoktor ved UMB
Steinar Haugsvær
Arne Brimi er ein framifrå talsmann for norsk mat og norsk matkultur. Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) vil hedra innsatsen og engasjementet til Brimi med eit æresdoktorat.
Koblinga mellom mat, natur og helse er svært sentrale fagfelt for det nye universitetet. Arne Brimi har gjort mykje til auka forståing for desse spørsmåla blant folk flest.
- Universitetet for miljø- og biovitskap og Arne Brimi har ei felles målsetjing i å stimulera alle til å bruka norsk natur. Mat er ikkje noko ein berre får i butikken, maten kan og haustast frå naturen kring oss, seier rektor Knut Hove.
Universitetsåpning
Brimi får æresdoktoraet under åpninga av UMB på Ås måndag 23. mai. Det er H.K.H. kronprins Haakon som offisielt åpnar det nyaste universitetet i landet.
- Eg set voldsomt stor pris på ei slik merksemd, og er audmjuk og gler meg til å motta æresdoktoratet. Ei slik oppmuntring betyr veldig mykje, sier Brimi.
Verksemda ved universitetet er prega av ideen om å sikra livsgrunnlaget for dagens og framtidas generasjonar. Då er det viktig å bruka ressursane med omsyn og respekt. Dette er og Brimi oppteken av.
- Målsetjinga med alle måltid, uansett kva retten heiter, er at måltidet også er ein del av ei heilheit. Når vi haustar av naturen, skal det vera for å bruka, ikkje forbruka, sier Brimi.
Råvarer og mattradisjon
Brimi har fornya mattradisjonar som byggjer på gamal kunnskap og kultur samstundes som han er åpen for nye idear og impulsar. Med stort engasjement har han gitt mange ei ny forståing av kva naturen kan by på av opplevingar og innsikt.
- Vi har mykje å gå på for å utvikle landet og mangfaldet vårt. I den vestlege verda leiter mange etter den opprinnelege smaken. Då er det viktig å ta vare på dei originale kvalitetane i maten.
Fjellet er ei av dei store inspirasjonskjeldene til den kjente kokken frå Lom.
- Ei veke utan ein fjelltur er for meg ei dårleg veke. Berre å kjenne lufta, sjå utover, kjenne fridomen, seg sjøl, sortera tankar, vera einsleg. Eller kanskje vera saman med nokon, gjera noko saman. Fjellheimen gjev meg høve til å lære både den og meg sjøl å kjenne, seier Brimi.
På same måte som UMB er han oppteken av at råvarene skal være trygge å bruka. I mange forskingsprosjekt på UMB ønskjer ein å finne ut korleis råvarer blir påverka av ulike miljøfaktorar, og korleis smaken kan takast best mogeleg vare på i produksjonsprosessen.
Innovatør i distrikts-Norge
Innovasjon, entreprenørskap og bygdeutvikling har stor merksemd i verksemda til UMB.
- Arne Brimi har vore ein føregangsperson som har vist at det er mogeleg å få til næringsutvikling med utgangspunkt i den norske bygda sine råvarer og kultur, seier Knut Hove.
- Eg ynskjer å vera ein del av ein debatt i samfunnet. Det er mange måtar å gjera det på. Min måte er å setja fokus på dei verdiane og den verdiskapinga som skjer i distrikta, seier Brimi.
Oppdatert: 22.05.05
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: