Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Eggjande sommarjobb

Torill Bye Wilhelmsen

Dei tolv gründerskulestudentane frå NLH som reiste til Boston, Silicon Valley og Singapore i mai har fått jobb. Dei blir pirra av både utfordringar og reiselyst. Les korleis to av dei skildrar dei første vekene!


Jorunn i Silicon Valley
Pål Oraug, Magnus Haugland og Jorunn Thingnes har vore på farten sidan 23. mai. Dei var eit par dagar i Paris før den lange flyreisa over Atlanteren til New York. For studentar som er vane med å tenkje på Tårnbygninga (instituttet) ved NLH som ruvande, var det stort å sjå Empire State Building, Fridomsgudinna, Financial District og Wall Street i verdsmetropolen.

Cowboyer og indianarar
Då dei tre NLH-studentane fekk nok av bylivet leigde dei bil og tok vegen frå the Big Apple til San Francisco. - Ei utruleg oppleving, ivrer Jorunn. - Vi såg store og små, kjende og mindre kjende byer. Bjørn, cowboyer, indianarar, endeløse præriar og vidstrakte jorder. Ikkje rart at studentane tykkjer dei fekk ein bra start på opphaldet! Vel framme i Silicon Valley byrja dei søkja jobbar i gründerverksemdene eksportrådet hadde leita fram. Dei 25 studentane frå høgskuler og universitet i heile Noreg har alle fått jobb, og starta på entreprenørkurset med professor John Nesheim. Med norsk blod i årene er han truleg ekstra nøgd med å undervise gründerskulestudentane.

Entreprenørånd i høgsetet
- Eg har funne meg godt til rette, og merker at entreprenøranden står i høgsetet, seier Jorunn. Silicon Valley er eit stort distrikt, og mange av dei største føretaka i verda innan data, elektronikk og bioteknologi har hovudkontora sine i området. Gründarane deler fortrulege opplysningar berre med ein handfull menneskje dei har tillit til. Dei frykter at ideen kan bli stole før teknologien for prototypen er utvikla, og patentering, finansiering og lansering er vel i hamn. Etter ei veke i verksemda føler Jorunn at ho har fått mykje tiltru, og tilgjenge på konfidensielle opplysningar om produktutviklinga i verksemda. Ho jobber med merknadsundersøking i eit firma som arbeider med å sikre vasskvalitet rundt om i verda. Med eit spanande fagfelt og trivlege kolleger kan Jorunn sjå fram til resten av sommaren!

Elin i Boston- Boston er eit bra sted! Ivrer Elin Mittet Eriksen. Ho er igang med veke to på jobb. På NLH studerer ho matvitskap, men får no prøvd seg på nye utfordringar. - Eg jobber i eit selskap kalt TPR media, fortel ho. TPR står for "the parent review", og er eit forskingsbasert tidsskrift for ventande eller nybaka foreldre. Bladet er elektronisk, gratis og av god kvalitet, tykkjer Elin. - Eg trur det er ein god idé for sjukehussystemet i USA, seier ho, og underbyggjer utsegnet med at bedrifta snart når "break even". Dei går i null eit halvt år før dei trudde, etter ein periode med oppbyggjing av selskapet finansiert av investeringar frå eigarane.

- Eg vil lære mykje av dette!
Oppgåvene til Elin ligg innanfor ulike former for marknadsføring. Ho har òg mykje kontakt med sjukehusa og pasientane, for å finne ut kva som fungerer og ikkje slik dei jobber no. Som i dei fleste nystarta bedrifter er papirarbeidet eit salig rot, så Elin reknar med å innføre nokre rutiner for papirarbeid etterkvart. - Eg vil lære mykje av jobben, sjølv om nokre arbeidsoppgåver kan bli litt kjedelege, meiner Elin. Sjefen hennar har starta eit par suksessfulle bedrifter før og har stor mentorkapasitet, difor kan ho vente seg mange gode tips. Arbeidskollegene er dei seks tilsette, og tre internships frå Gründerskulen. Saman med Elin jobber Astrid Marie Vibeto som tek økonomi- og ressursforvaltning ved NLH. Alle dei 21 studentane frå Noreg fekk seg greitt jobb i løpet av få dager. - Det var kniving for å få eit par av stillingane, men ikkje meir enn det skal vere, seier Elin. Oppsummeringa frå første arbeidsveke synte at ingen visste heilt kva dei tykte om jobben, det tek litt tid å lodde stemning, kultur og eigne oppgåver på ein ny arbeidsplass.

Rosa etter båttur
På ettermiddagane tek studentane utflukter i området rundt Boston. - Vi er alle rosa etter ein båt- og øydag på laurdag, fortel Elin. Ho har kjøpt sykkel, og frå sykkelsetet får ho sikkert mange fine opplevingar utover sommaren i det lett kuperte terrenget. I helga leiger studentane bil og set nasen mot New York, og seinare ynskjer dei å besøkje Washington. Både storbyliv og arbeidsliv for gründerskulestudentane, med andre ord. Vi får høre meir frå dei utover sommaren, så følg med!


Oppdatert: 20.07.03
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]