Kunnskapsdepartementet gir ti millionar kroner til nye bustader for UMB sine studentar. Leiar i SIÅS, Salman Saeed, trur dette er byrjinga på slutten for bustadproblema ved universitetet.
I KJENDE OMGIVELSER: Leder i SIÅS, Salman Saeed poserer ved inngangen til Casino, Arken og Børsen på Pentagon.
Foto: Knut J Meland
Måndag 08. februar offentleggjorde Kunnskapsdepartementet (KD) korleis midlane til bygging av studentbustader for 2010 skal fordelast. Innanfor ramma av 227,9 millionar kroner har KD gjeve tilsegn om tilskot tilsvarande 983 hybeleiningar. 50 av desse skal etablerast på Pentagon for studentar ved UMB.
Bustadsorientert: Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland ynskjer å gje studentar betre tilgang på rimelege bustader.
Foto: Privat
– Tilgang på rimelege bustader er viktig for økonomien til studentane. Vi viderefører storsatsinga på studentboligbygging og understreker regjeringa si politikk på dette området om at alle skal ha en reell lik rett til utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.
Tilsegna om 50 nye bustader kjem som eit resultat av ein lang prosess der Studentsamskipnaden i Ås (SIÅS) har arbeidt aktivt for å skape politisk forståing for behovet for betring av bustadsituasjonen for åsstudentane.
– Ei tid for glede – Dette er ei tid for glede! Vi ønskjer alle UMB-arar til lukke, og rettar i same slengen ein takk til alle ved universitetet som har hjelpt til å få Oslo-politikarane til å innsjå at vi har spesielle utfordringar når det kjem til losjering av studentmassen her på Ås, seier SIÅS-leiar Salman Saeed som viser til at talet studentar har auka vesentleg dei siste åra, mens bygningsmassen avsett til boligføremål er tilnærma uendra.
SIÅS har sett som mål å få til 40 prosent dekningsgrad når det kjem til å tilby bustad til studentane innan ti år. Per i dag er prosentdelen 30. I løpet av ti år er målet og ha utvida tilbodet frå i dag med cirka 1000 hybler. Det tilsvarer en dekningsgrad på 40 prosent.
Dei cirka ti millionar kronene frå KD vil gi Pentagon 50 nye bustader, men det vil trengast ytterlegare 100 før SIÅS iverksett byggetrinn ein. Spaden går ikkje i jorda før alle midlane er tilgjengelege, men Saeed trur det kan gå fort.
– Kanskje i løpet av eit år, to år. Poenget er at politikarane no har anerkjend at vi har ei utfordring på UMB, og erfaringa tilseier at det er lettare å få vidare tilskot når denne forståinga er etablert, seier han og minner om at det gjekk mange år frå søknad til byggjestart ved Pomona, det siste store studentbustadtilskotet ved UMB
UMB sine særmerke Utfordringane knyttetil studentbustadsituasjonen på UMB grunnar ifølgje Saeed særleg i to forhold:
– Det er ei utbreidd oppfatning at 20 prosent dekningsgrad er tilstrekkeleg, og det stemmer sikkert i universitetsbyar der den private eigedomsmarknaden kan huse mange, men her er ikkje forholda slik. Vi treng ein høgare dekningsgrad, og det har det vore vanskeleg å vinne gehør for, seier han.
Dessutan har UMB ein svært høg del internasjonale studentar (15 prosent).
– Desse har av naturlege årsaker ikkje dei same høva som dei norske studentane når det kjem til å skaffe seg bustad i den private marknaden. Mange manglar språk- og rammekunnskapar, noko som vanskeleggjer situasjonen, trur Saeed.
30 prosent av studentane som bur i bustadene til studentsamskipnaden er utanlandske.
I arbeidet med fordeling av midlar har KD vektlagt talet internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden, skriv KD på sine eigne nettsider.
Eigen plankomité SIÅS haretablert sin eigen plankomité som arbeider med fortetting av Pentagon. I skrivande stund jobbar komiteen med reguleringsplanar for området.
– Vi kan ikkje vere kjende med at studentane våre må pendle til og frå Oslo fordi UMB ikkje har plass til dei. Dette viser at det er politisk vilje til å rydje opp, og SIÅS er klare for å kjempe vidare, seier Saeed som nyleg har takka ja til jobben som eigedomsforvaltar i seksjonen for kommersiell utvikling på Oslo Lufthavn (OSL).
Før han tiltrer skal han sluttføre mastgraden sin i eigedomsfag om grunn- og rettstileigning ved Institutt for landskapsplanlegging (ILP).