Navigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.
OM NMBU
STUDIER
FORSKNING
ENGLISH
Aktuelt
Hovedsiden


FME til Campus Ås og Trondheim

Kai Einar Tilley

CenBio vert Forskingssenter for miljøvenleg energi, FME. Bak CenBio står ei rekkje aktørar, mellom anna Skog og landskap, Bioforsk, Sintef Energi og NTNU. UMB står som prosjektansvarleg.


CenBio har mottatt beviset på at senteret har fått status som Forskningssenter for miljøvennlig energi, FME. Fra venstre Johan Hustad, NTNU, Odd Jarle Skjelhaugen, Norsk senter for bioenergiforskning, Lars Sørum, Sintef Energi, rektor Knut Hove UMB og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
CenBio har mottatt beviset på at senteret har fått status som Forskningssenter for miljøvennlig energi, FME. Fra venstre Johan Hustad, NTNU, Odd Jarle Skjelhaugen, Norsk senter for bioenergiforskning, Lars Sørum, Sintef Energi, rektor Knut Hove UMB og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Foto: Kai Tilley
Statusen som FME vil styrkja det eksisterande samarbeidet Skog og landskap, Bioforsk og UMB har gjennom Norsk senter for bioenergiforsking.

Store summar
CenBio vil få mellom 10 og 20 millionar kroner årleg dei neste åtte åra frå Forskingsrådet. Med like store bidrag frå industripartnarar i CenBio vil forskingsinnsatsen verta ganske grei.

Berekraftig bioenergi
Hovudoppgåva til CenBio er forsking og utvikling. Denne aktiviteten skal sikra at ein kan auka biomasseproduksjonen for energiformål på eit berekraftig og kostnadseffektivt vis, og at ein får ei forsvarleg resirkulering av oske og omdanning av fersk biomasse og avfall til straum og varme.


UMB-frukost for Riis-Johansen
Dagen etter kunngjeringa var olje- og energiminister Terje Riis-Johansen på UMB. Der fekk han vita kvar CenBio skal vera om åtte år. Representantar for Norsk senter for bioenergiforsking, SINTEF Energi og NTNU lovde fleire fleire tusen grøne arbeidsplassar, lågare CO2-utslepp og eit tett samarbeid med næringslivet i tillegg til å nå målet regjeringa har om å auka bruken av bioenergi.

CenBio på Ås og i Trondheim
CenBio skal vera på Ås og i Trondheim. På Ås er Norsk institutt for skog og landskap, Bioforsk og UMB, knytt saman gjennom senter for bioenergi, med. I Trondheim er SINTEF Energi og NTNU partnarar.

Auka uttak frå skogen
Målet regjeringa har om ei stor auke av bioenergi fram mot 2020 føreset ein kraftig forskingsinnsats. I eit land med lite jordbruksareal til overs for produksjon av biomasse for energiproduksjon, lyt skogen vera ei hovudkjelde.

Ei viktig oppgåve er å finna ut korleis ein kan nær dobla dagsens årlege uttak or skogen. Dette er nøydd skje på eit kostnadseffektivt vis, utan at kvalitetet på råstoffet vert dårlegare. Då krevst det utvikling av hensiktsmessige avvirkingsmetodar, transportsystem og råstoffhandsaming. Andre oppgåver er knytt til teknologi for effektiv produksjon og utnytting av ulike typar trepelletar eller flis.


Ein av åtte FME-ar
Det var 28 forskingsmiljø som hadde søkt Forskingsrådet om å få status som Forskingssenter for miljøvenleg energi, FME. Åtte vart valde og ut, og har fått middel til drift. Ei nærare omtale av kandidatane til FME finn du her.



Oppdatert: 03.07.13
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

 
Emneord

- Energi
- Ingeniørfag
- Teknologi