Aktuelt
Folk og klimakrise
Eivind Norum
- Skal vi klare dette må vi endre vår tenkjemåte fundamentalt, seier professor Arild Vatn om miljøutfordringa.
Vatn vann nyleg ein internasjonal økonomipris til ære for Thostein Veblen, med ei bok som tek opp samfunnet i klimakrisa. I 2007 ville Thorstein Veblen fylt 150 år. For 100 år sidan skapte denne pionéren ein ny skule innan økonomifaget.
To internasjonale organisasjoner for økonomiske og sosiale vitskapar (AFEE og EAEPE) feira 150- årsdagen med ein ”one time only”- pris til fire økonomar, blant dei Arild Vatn ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).
Vatn fekk prisen for boka ”Institutions and the environment”, som for ein stor del handlar om miljøutfordringa.
- Nøkkelen til ei meir miljøvenleg framtid ligg i ei djupare forståing av den utveg og vilje mennenske har til å samarbeide, meiner Arild Vatn.
- Meir enn eiga nytte som motiverer
"Vatn’s book addresses the urgent question of environmental policy and shows that an understanding of the role of institutions is vital in this area", seiast det blant anna i juryen si grunngjeving for Veblen-prisen.
"Institusjonar" tyder her samfunnsskapte konvensjonar, normer og reglar.
Arild Vatn leier også Forskningsrådet sitt program for miljøforskning - Miljø 2015. Han meiner miljøproblema fordrer ein langt sterkare offensiv i samfunnet enn vi ser i Noreg så langt.
- Dette kan ikkje løysast berre med ny teknologi. Vi treng ei perspektivendring, og noko som kan utløyse eit engasjement i folkesetnaden, seier Vatn.
Han peikar på at nyare forskning – også innan økonomifaget – viser at det ikkje berre er eiga interesse som driv oss menneske.
- No spør mange: korleis kan eg medverke i miljøutfordringa? Om eiga nytte stod for alt, ville vi ikkje fått slike spørsmål. Folk kjenner at miljøspørsmål er ei felles sak, at ein kan handle "fordi det er riktig". Men ofte veit dei ikkje kva som er det riktige å gjere.
- Sjølvsagt kan vi ikkje løyse utfordringane kun med informasjon og dialog. Avgifter og subsidier må til. Men betaling for alt er heller ikke mogeleg, og vi må vere veldig medvetne på kva slag motivasjon vi utløyser med dei verkemidla vi bruker.
- Feil verkemiddel kan undergrave viktige normer og føre til meir egoisme, understreker han.
Regjeringa ynsketenkjer
Vatn meiner klimaproblemet er ei utfordring for heile vår sivilisasjon.
- Fattigdomsproblemet tok vi aldri skikkeleg inn over oss. Kanskje klimaproblemet er ein sjanse til å innsjå at vi har ein felles klode, og at vi må dele det den skapar.
- Vi må ta sivilisasjonen til eit nytt nivå ved å byggje nye institusjonar (les: konvensjonar, normer, reglar).
- Eg meiner vi ikkje kan kome utanom endringar i forbruket. I så måte synes eg for eksempel Lavutslepputvalet har for stor tru på reine teknologiske løysingar.
- Kva synes du om regjeringa si holdning til problemet?
- Eg synes den er for prega av ynsketenkning. Teknologi er viktig og nye oppfinningar kan gje oss både betre tid og meir rom. Men det vil ikkje løyse dei grunnleggjande problema knytta til fordeling og at vi er avhengige av vekst som motor i økonomien.
Det finnast nokre lite lystige fakta til å illustrere Vatn sitt poeng:
• Gjennomsnittsborgaren i den rika verda slepp i dag ut cirka 16 tonn CO2 kvart år.
• Tilsvarande i den fattige del av verda er 4 tonn.
• FN sitt klimapanel oppmoder om kutt i utslepp på 50-85 prosent.
• 80 prosent kutt vil seie 1,2 tonn utslepp per verdensborgar – langt mindre enn i den fattige verda i dag. På same tid vil konsumet ha økt 10-15 gonger dei neste 100 år, om veksten i dag fortset.
- Dette er ikkje lett å få til å hengje saman. Noko fundamentalt må skje med måten vi tenkjer på. Kan vi leggje om raskt nok? Eg er optimist av prinsipp, men det er nokre enorme utfordringar som står framfor oss. Faren er at det som kunne bli eit verkeleg sivilisasjonsprosjekt, endar i vold, sier Arild Vatn.
Oppdatert: 20.12.07
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: