Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Fornybar energi fengjer

Kai Einar Tilley

- Vi opplever svært stor interesse for den nye bacheloren i Fornybar energi. Kravet om generell studiekompetanse er ei årsak, trur rådgjevar Ellen Soldal ved Universitetet for miljø- og biovitskap, UMB.


Institutt for naturforvaltning ved UMB har motteke ei rekkje spørsmål om den nye bacheloren i Fornybar energi.

Heilskapleg vurdering
Kandidatar frå studiet i Fornybar energi vil ha ein skreddarsydd bakgrunn for å ta hand om planlegging og gjennomføring av arealkrevjande energiproduksjonar som t.d. vindkraft og bioenergi. Desse energiformene kan vere kontroversielle og skape konfliktar lokalt. Gjennom studiet får studentene eit godt fagleg fundament for konflikthandtering, blant anna med fag som miljøjus.

Ikkje ingeniør
Bacheloren skil seg frå dei andre ingeniørretta utdanningane innan fagområdet. Utdanninga ved UMB har stor breidde i fagemnene, men med vekt på miljø- og samfunnsfaga. Det gjer UMB-kandidaten rusta til å arbeide på tvers av faga og i stand til å vurdere heile verdikjeda, frå planlegging og fram til produksjonen blir starta.

Breitt fagspekter
Utdanninga spenner over emne innan miljø og naturforvaltning, økonomi, arealplanlegging, miljørett og biologiske emne. Programmet er treårig. Valfrie emne utgjer 40 av 180 studiepoeng. Det blir kravd generell studiekompetanse for opptak til studiet.

Les meir om studiet i Fornybar energi.


Sjå reklame for studia innan fornybar energi ved UMB

Oppdatert: 10.04.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]

 
Relasjoner til saken

Studietilbod
Les meir om studiet i Fornybar energi