Aktuelt
Forskarkurs i radioøkologi
Elin Judit Straumsvåg
– Vi har samla det beste fagmiljøet i heile Norden, seier professor Brit Salbu ved NLH. Forskarstudentar frå Norden og Baltikum deltek på eit intensivt forskarkurs i radioøkologi ved NLH. Høgskulen stiller med eigne lærarkrefter, inklusivt rektor, og i tillegg vert dei beste lærarane i Norden floge inn etter behov.
Etter Tsjernobyl-ulykka har NLH etablert seg som ein viktig aktør i nasjonal og internasjonal forsking innanfor radioøkologi. Innanom ferskvatnradioøkologi har professor John Brittain ved Institutt for biologi og naturforvalting (IBN) medverka internasjonalt med resultat frå Heimdalsvann. Innan husdyrradioøkologi står rektor Knut Hoves Cs-bindarar fram som det mest effektive tiltaksmiddel som er utvikla for dyr i områder med Cs-forureining.
Dobbelkompetanse
Professor Debbie Oughton ved Institutt for jord og vannfag (IJVF) er den einaste forskar internasjonalt med dobbeltkompetanse i etikk og strålevern. Isotoplaboratoriets radioanalytiske metoder, spesielt knytta til radioaktive partiklar, vert nytta av Det Internasjonale Atomenergibyrået. Samla sett har NLH brei fagleg kompetanse innan radioøkologi på internasjonalt nivå.
Arrangørane
Forskarkurset vert arrangert av NLH og SLU (Sveriges landbruksuniversitet). NOVA-The Nordic Forestry, Veterinary and Agricultural University (NOVA), Nordisk Forskerutdanningsakademi (NORFA) og Nordisk kjernesikkerhetsforskning (NKS) stiller heller store midler til disposisjon for dette kurset. Midla dekkjer opphald for studentane og kursutgifter, inklusivt utgifter til eksterne lærarar. Både lærarar og studenter bur på høgskulen..
Hovudfokus
Kurset fokuserer på radioaktivt utslipp eller nedfall, transport av radionuklider i ulike økosystem og langtidskonsekvensar og aktuelle tiltak. Grunnleggjande radiokjemi og radioøkologi danner basis for kurset.
– Dette er intensivt opplegg, 14 dager i januar og ei veke i juni. Kurset omfattar førelesningar og bruk av vår godt utbygde utstyrspark. Feltarbeid vert utført i juni og vi har ekskursjon til Strålevernet og til reaktoren på Kjeller. Studentane presenterer semesteroppgåvene sine over sjølvvalde emne i juni, seier ei nøgd Brit Salbu.
Felles nordisk utdanning
Er dette eit ledd i og ein oppstart av eit større opplegg? Forskarkurset vil iallfall kunne gå inn i ei felles nordisk utdanning i radioøkologi. Ei samla nordisk forskargruppe skal utarbeida eit felles opplegg for Master og PhD i radioøkologi for nordiske studentar og evt. studentar frå Baltikum. Dette vil i så fall vera den einaste organiserte Master og forskarutdanning innan radioøkologi i Nord-Europa.
Oppdatert: 05.02.03
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: