Navigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.
OM NMBU
STUDIER
FORSKNING
ENGLISH
Aktuelt
Hovedsiden


Forsker grand prix Oslo 2012

Eivind Norum

Formidlingskonkurransen for doktorgradsstudentar går i år av stabelen 25. september. Husk påmeldingsfrist 4. mai.


Søknadsfrist:
4. mai 2012
Du søkjer om å få delta her.


 Anne Chapuis fortel engasjert om sitt forskingsprosjekt på Forsker grand prix 2011.
Anne Chapuis fortel engasjert om sitt forskingsprosjekt på Forsker grand prix 2011. Foto: Eivind Norum

Kva er Forsker grand Prix

Forsker grand prix er eit sceneshow der 10 forskarar får 4 minutt på seg til å presentere si forsking for eit bredt publikum.

 

Deretter vert dei vurdert både av publikum, som er utstyrt med mentometerknappar, og av eit domarpanel som grunngjev sine poeng ut i frå kvart sitt fagfelt (akademia, media og scenekunst).

 

Kven kan delta?

Kjenner du deg att i punkta nedanfor, er det deg me ser etter!

 

 

Ein uttakskomité behandlar søknadane og vel ut 10 kandidatar til deltaking i Oslo-finalen.

Me ser etter personar frå ulike institusjonar og med ulik fagtilhøyrsle.

Motivasjon for deltaking, og moglegheit for å delta på fellessamling/førebuingar og nasjonal finale vert vektlagt.

Uttaket vert annonsert innan 16. mai - alle søkjarar får tilbakemelding.

 

 

Nasjonal finale i Tromsø

Fire minutt kvar har kandidatene til å fenge publikum, som til slutt avgjer kven som vinn. Dei to beste kandidatane går vidare til den nasjonale finalen i Tromsø 29. september. Vinnaren vert premiert.

 

Lokal finale i Oslo

Vinnaren vert kåra til den beste formidlaren i Oslo og Akershus ogfår eit reisestipend.

 

Om arrangørane

Forskingsdagene og Universitetsalliansen OSLO inviterar ph.d.-kandidatar til å delta i Forsker grand prix.

 

Universitetsalliansen består av Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet for miljø- og biovitskap og Universitetet i Oslo. 



Oppdatert: 03.07.13
Utskriftsvennlig versjon

 
 
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)