Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Fra kunnskap til kroner

Knut Jul Meland

Universitetet sin årlege idétevling for kommersialisering for forskarar blei kuppa av Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap: Dei fire fyrste plasseringane er frå IKBM.


VINNAR: Forsker Therese Faye ved IKBM gjekk til topps i kommersialiseringstevlinga.
VINNAR: Forsker Therese Faye ved IKBM gjekk til topps i kommersialiseringstevlinga.
Næringslivsskontoret (NK) i forskingsavdelinga har ei rekkje tiltak for å fremje gode og kommersialiserbare idear frå forskarar ved universitetet. I Idétevlinga for kommersialisering oppmodas tilsette frå heile UMB til å søke om hjelp og midlar til å prøve ut sitt forskingsresultat eller til å utmeisle sin forretningsidé.

Faye og Narvhus  
Etter ein grundig evaluering av dei mange innsendte forslaga, er prosjektet til forsker Therese Faye og professor Judith Narvhus valt ut som vinnar. Dei to mottar 100.000 kroner til utprøving av sin idé.

Kvifor dei vant får du ikkje vite enno. Ideen deira er konfidensiell, og vil ikkje bli offentliggjort før patentbehandlingane er ferdigstilt.

Full uttelling

Vinnarlaget høyrer heime på Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap (IKBM). Det gjer også
VINNAR: Professor Judith Narvhus si vinneridé er framleis ein løyndom, men kommersiall slagsida har han i alle fall.
VINNAR: Professor Judith Narvhus si vinneridé er framleis ein løyndom, men kommersiall slagsida har han i alle fall. Foto: Håkon Sparre
forskargruppene som tok andre-, tredje- og fjerdeplass i konkurransen.

Det er gledeleg at forskarane ved IKBM både fremmer og når fram med sine idéar i Idétevlinga, seier instituttleiar ved IKBM, Are H. Aastveit, og gratulerer med den flotte innsatsen.

Premieutdelinga finn sted på allmøtet ved IKBM 17. februar.

Fylgjer opp
Alle dei fire øvste plasseringane skal fylgjes opp av NK, som vil opprette eit kommersialiseringsprosjekt for kvar av ideane. Vidare vil NK, i samarbeid med føremålstenlege ressurspersonar, bestille tenesta til å utvikle og kommersialisere ideane vidare. 

– NK tenker ikkje berre kommersialisering i form av sal eller lisensiering, men vurderar også andre formar for samarbeid med eksterne aktørar. Vi ser det som eit like stort mål at prosjektet kan vidareutviklas i form av eit forskingsprosjekt som kan få ekstern støtte. Vi kan hjelpe til at slike forskingsprosjekt realiseras og knyt gjerne miljøa opp med næringsaktørar som gjer det lettare å hente inn midlar for fagmiljøa, seier forskningsdirektør Ragnhild Solheim.
 EIN GLAD GUT: Instituttleder ved IKBM, Are H. Aastveit, jubler over utfallet i tevlinga.
EIN GLAD GUT: Instituttleder ved IKBM, Are H. Aastveit, jubler over utfallet i tevlinga. Foto: Håkon Sparre

Motivert for kommersialisering
I avgjerda har juryen mellom anna lagd vekt på ideen sitt potensial for verdiskaping og kommersiell utnytting og sjølve marknaden for ideen. Eit anna viktig punkt i vurderinga er forskaranes eiga motivasjon til å tenke kommersialisering.

– Det er viktig at ein ser det kommersielle potensialet i forskinga, og på denne måten finner nye arenaer for verdiskaping. På IKBM har vi fleire spanande satsingsområdar der innovasjon kan bære frukter, og vi ser frem til å fylgje bidraga frå Idétevlinga vidare, seier Aastveit.
 ARNESTEDET: På biblioteket ved IKBM er mang ein god idé klekka ut.
ARNESTEDET: På biblioteket ved IKBM er mang ein god idé klekka ut. Foto: Øystein Rønning


Publisert: 07.02.10
Oppdatert: 10.02.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]

 
Emneord

- Forskning
- Næringsutvikling
- Nyhet