Aktuelt
Framkomiteens Nansenbelønning til UMB-professor
Elin Judit Straumsvåg
Professor Jon Landvik ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) fikk Framkomiteens Nansenbelønning for 2008.
Landvik er professor i geologi ved Institutt for plante- og miljøvitskap (IPM). Framkomiteens Nansenbelønning vert årvisst delt ut dagen F. Nansen vart fødd.
Grunngjevinga
Sjølv set Jon Lanvik ekstra stor pris på grunngjevinga for tildelinga, ikkje minst bolken om oppbygginga av UNIS (Universitetssenteret på Svalbard) kor han var tilsett i sju år. Landvik får stor del av æra for at geologi vart eit stort og suksessfullt fag.
– Undervising og organisasjonsbygging vert gjerne sett på som noko som tek tid og fokus bort frå forskinga, eg vert ekstra glad for at denne delen av arbeidet mitt vert trekt fram, seier professoren. Men forskinga får òg sin del av æra:
”Professor Landvik er en internasjonalt framstående forsker når det gjelder naturlige klimavariasjoner i Arktis. Landviks hovedinteresse er knyttet til kvartærtidas isutbredelse og mekanismer for istiders vekst og tilbaketrekning. Landvik er spesielt kjent for sin syntese av siste istids utbredelse over Svalbard og Barentshavet, et tema som har vært diskuterte over lang tid og av en rekke forskere, inkludert Nansen. Landviks syntese inngår nå som del av de globale klima-rekonstruksjoner”.
Han på si side kan ikkje fort nok få fortalt at dette er gruppearbeid. Han deler raust æra med folk han har samarbeidd med direkte og han fortel om at han og dei andre polarforskarane står fjellstøtt på skuldrene åt tidlegare forskarar.
– Dei var så grundige i skildringane sine. Observerte og undersøkte. Vi går i land i dag med all slags moderne teknologi, og eg undrar meg stadig over kor dyktige dei før oss har vore, seier Landvik.
Les heile grunngjevinga her.
Oppdatert: 16.10.08
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: