Mange studentar har med seg en bachelorgrad frå andre studiestader når de gyver laus på mastergradsutdanninga på Ås.
ÅRVÅKNE: Bachelorgradsstudentene i Bioteknologi og kjemi ved Høgskolen i Oslo (HiO) Siv Merete Løvoll, Inger Helen Brenna, Marianne Skov-Skov og André Pettersen følger nøye med når framtidige studieplaner tilbys dem.
Foto: Knut J. Meland
Kvart år får UMB gjestebod frå ingeniørutdanninga i Bioteknologi og kjemi frå Høgskulen i Oslo (HIO). Dei er bland de imange som finn vegen til Det levande universitet på Ås for å få greie på korleis deira utdanning kan byggast ut til ein mastgrad.
GJENGANGER PÅ UMB: Førstelektor Ragnhild Augustson fra Høgskolen i Oslo (HiO) har flere ganger hatt med seg studenter på besøk til UMB.
Foto: Knut J. Meland
Ei rekkje alternativ Ved sida av rein informasjon om korleis overgangen frå bachelor- til masterstudent fungerer, får dei frammøtte studentane ein presentasjon av maserttilboda som er aktuelle for dei.
– Særs nøgde Det er fyrstelektor Ragnhild Augustson som har ansvaret for dette opplegget ved HIO Gjennom fleire år har ho teke med seg bachelorstudentar til Ås.
– Me har alltid hatt eit godt samarbeid med UMB, og erfaringa viser at studentar som har teke overgangen til UMB for å gå laus på masterutdanninga, er særs nøgde med det valet, seier Augustson.
– Etter våre eigne bachelorstudentar, er det nett desse studentane frå HIO som IKBM rekrutterer fleist frå til våre masterstudiar. Studentane frå HIO greier seg godt på våre masterstudiar, og får ein fagleg fordjuping som viser seg å vere verdifull når dei skal søkje arbeid, seier studievegledar Janne Beate Utåker ved IKBM.
Fordommar Fleire avdei tilreiseande studentane gjorde seg nokre verdifulle erfaringar:
– Eg visste ikkje ein gong kva for eit UMB stod for. Diverre må eg innrømme at eg bar på nokre fordommar mot universitetet på Ås, men desse er alle gjorde mektig til skamme, seier HIO-student Inger Helen Brenne.
Sterkt fagmiljø Ho og studiekameratane Marianne Skov-Skov, André Pettersen og Siv Merete Løvoll kunne alle tenkje seg nokre år som UMB-arar.
– Alle pratar om det levande studentmiljøet her, og kor godt ein vert teke imot. Dei Høgreass lovande ut, men for meg er det viktigast at fagmiljøet står sterkt, og at kompetansen er høg blant dei som undervisar, og det tydar på å vere tilfellet også, seier Løvoll.
GODE RÅD: Rådgiver Janne Beate Utåker orienterte oslostudentene om mastergradstilbudene ved IKBM.
Foto: Knut J. Meland