Aktuelt
Geita er som alle oss andre….
Gro Elden
Forsøk som Norges landbrukshøgskole har gjort for Tine Norske Meierier syner at geita er som alle oss andre; ho set stor pris på ei god seng med god madrass. Geita vil heller liggja på madrass enn på halm både når det er varmt og når det er kaldt.
- Heile 96% av geitebesetningane her i landet lever i heller gamle driftsbygningar som tradisjonelt er isolerte og har golv av strekkmetall i bingane. Helsetilstanden i norske geitebesetningar er for dårleg, og mange av helseproblema har samanheng med uheldige oppstallingstilhøve. Vi veit og alt for lite om korleis geita gjerne vil ha det for å trivast. Dette er kunnskap som er heilt naudsynt å ha når det skal byggjast nye geitehus for å sikra dyra god velferd, seier professor Knut Egil Bøe ved Norges landbrukshøgskole som er ein av dei som har gjort dei nye forsøka.
Helst madrass
Resultata er no publiserte i ein rapport frå NLH og syner at samla sett var madrass og tregolv dei mest populære liggeunderlaga i begge temperaturperiodane – 10 varmegrader og 12 kuldegrader. Madrassene er 10 cm tjukke og laga i Danmark av kasserte bildekk Det mest overraskande var at halm ikkje kom betre ut korkje i den varme eller kalde perioden. Når det var varmt valde geitene tregolv framfor halm og strekkmetall framfor fast tregolv. Årsakene til dette er førebels noko uklåre; her må det forskast meir.
Meir mat når det er kaldt
I forsøka såg ein og på termoreguleringa. Ikkje uventa låg geitene mindre og åt meir når det var kaldt. Dette syner at dei er utsette for kuldestress, men ikkje utan vidare under nedre kritiske temperatur. Lengre etetid i den kalde perioden tyder på at foropptaket var større. Det kan bety at geitene hadde trong for å auka varmeproduksjonen og derfor hadde nådd nedre kritisk temperatur. Dette er i tråd med resultat for sau som synte at i staden for å redusera varmetapet ved å liggja tett saman, aukar sauene varmeproduksjonen ved å auka aktivitetsnivået, seier professor Knut Egil Bøe som har gjort forsøka saman med NLH-kollegaene Inger Lise Andersen og Willy Jeksrud, og Egil Simensen ved Norges veterinærhøgskole.
NLH-rapport 13/2004
Effekt av lav temperatur på fysiologisk respons og valg av liggeunderlag for geit
Knut Egil Bøe, Inger Lise Andersen, Egil Simensen, Willy Jeksrud
Oppdatert: 02.12.04
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: