Aktuelt
Haga opnar klimakurs
Eivind Norum
Fyrstkomande torsdag er Olje- og energiminister Åslaug Haga ved UMB. Her vil ho opne eit nytt klimakurs for kommunar.
Hendinga skjer klokka 09.00 torsdag 22.november.
Dette er eit tilbod om kursing i energi- og miljøplanlegging som blir gitt til alle kommunar i regi av ENOVA. Målet med kurset er å motivere norske kommunar til å setje i gong arbeidet med å lage ein energi- og klimaplan.
Til saman vil det bli arrangert cirka 50 slike kurs landa over. Ordførarar, rådmenn og folkevalte eller andre med overordna ansvar for energi- og klimaspørsmål i kommunen blir ønskt velkomen.
Kurset ved UMB varar frå klokka 09.00 til 15.00. Statsråden vil vere til stades mellom 09.00 og 10.00 i Festsalen på samfunnet.
Meir om kurset:
Oppdatert: 15.11.07
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: