Aktuelt
Ikkje ei og ei, men saman
Elin Judit Straumsvåg
Ein veit ein god del om kvar enkelt celle og koss ho er bygd opp. Men det vert straks meir komplisert og uoversikteleg fokuserer ein på koss dei ulike delane arbeider saman og ved sida av kvarandre. Fysikkprofessor Gaute Einevoll ved Noregs landbrukshøgskole ser femti år fram i tid.
Det er vel i overkant forsiktig å seia at norsk fysikk er 50 år, men Norsk Fysisk Selskap er 50-årsjubilant i år. NLH-fysikkprofessor Gaute Einevoll er invitert til å delta på Festmiddagen 15.november med førelesinga ”Fysikk 50 år fram i tid”. Det meste og grunnleggjande innan naturen sine spelereglar er avdekka og kjende. Det kan vera så lite det berre vil, nokon har mest sannsynleg vore der og kikka og forstått. Framtidas store utfordring innan fysikken er derfor å skjøna koss ulike deler samarbeider seg i mellom.
– Det er ikkje nok berre å kunna sjakkspelereglane, skal ein verta god til å spela lyt det meir til, seier fysikkprofessor Gaute Einevoll.
Femti år fram i tid
I eit grunnforskingsperspektiv vil ei av utfordringane gå i retning av å forstå ’kompleksiteten’ i alt liv. Å skjøna koss liv spontant kan oppstå er eit spørsmål kor fysikken sine metodar vil vera avgjerande for å finna eit godt svar. I følgje Einevoll vil òg medvit kunne bli eit sentralt emne eit stykke fram i tid. Kva er personleg oppfatning av medvit og koss oppstår det? Naturviterane ser på biologien som ei ”maskin”. Ei spesiell maskin. Koss oppstår ’medvit’ i ei maskin? Når kikkar ’eg’et’ ut av ei maskin. Nifsvarianten er viss ’medvitet’ ein gong ville kunne lagrast på ein datachip når til dømes kroppen tek til å skranta. Einevoll meiner det ikkje på noko vis er noko vi kjem til å vakna opp til i næraste framtid. Derimot legg han vekt på andre utfordringar som står i kø for å løysast og der fysikken kan bidra stort og godt.
Matematiske beregningsmetodar
I biologien har ein i dag utforska mange enkeltprosessar. Ein har på mange måtar plukka maskineriet frå kvarandre. Når ein no prøver å forstå koss dei mange bitane verkar saman og kanskje skreddersy nye system, lyt ein nytta seg av matematiske beregningsmetodar. Når mange samankobla prosessar skjer samtidig, greier ikkje den menneskelege hjarnen å tenkja seg til resultatet utan å få hjelp av matematiske metodar.
Fysikk for samfunnet
I tilegg til fysikkens framtidige viktige rolle innan grunnleggande biologi, framhever òg Einevoll at fysikken skal hjelpa til med dei største og viktigaste oppgåvene vi står overfor. Ti milliardar menneske skal ha mat, husly, klede og så vidare - dette må verdssamfunnet løysa utan å øydeleggja miljøet. Bioteknologi vil kunne være ett viktig verkty for å få til ein effektiv og miljøvennleg matproduksjon. I tillegg vil ein trengja blant anna ymse duppedittar som teknologar må utvikla. Det kan vera innan ’intelligent jordbruk’; her nevner professoren mellom anna instrument som, til dømes, kan signalisera kor det trengst vatn eller sprøytemiddel. I dag vert gjerne heile avlingar sprøyta med plantevernmiddel, mens kanskje berre ein del av plantene hadde trengt det.
– Teknologien blir i aukande grad basert på mikroskopiske prosessar anten det er nanoteknologi eller bioteknologi. Og fysikkforståinga blir meir og meir viktig for forskarar som skal utvikla desse teknologiane. Framtidas helsevesen vil nok stogga sjukdom allereie på cellenivå og ein lyt skjøna både enkeltcella og koss dei ulike cellene opererer saman for å kunne reparere eller helbreda. Bioteknologien gir mange gode løfter i framtida, meiner Einevoll. Men det er viktig innan all forsking at ein skjønar at grip ein inn eine staden i kjeda, får det konsekvensar ein annan stad.
Nobelpris
Om alle tolv hundre medlemmer i Norsk Fysisk Selskap kjem på festkvelden veit vi ikkje, men det kjem til å verta stas i Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Norsk Fysisk Selskap kan òg skryta av ein Nobelprisvinnar i sine rekkjer. Ivar Giæver fikk i 1973 den prestisjefylde prisen, ære og pris delte han med Leo Esaki og Brian D. Josephson. Giæver arbeidde aldri i Noreg som fysikar, boligmangel og lange ventekøer gjorde sitt til at han reiste over til USA. Det norske fysikkmiljøet har ikkje dei store og revolusjonerande hendingane å slå i bordet med, men Birkeland på 200-lappen er fysikar og han er norsk. Og han markerte seg ikkje minst innan nordlysforskinga. Eller enno meir presist; han etablerte nordlysforskinga her til lands. Elles vert gjerne namnet hans nemnd i samband med Sam Eyde og etableringa av Norsk Hydro.
– Den internasjonalt sett største norske fysikaren frå nyare tid er likevel norskamerikaneren Lars Onsager som fikk Nobelprisen i kjemi i 1968, men som gjerne også kunne fått fysikkprisen, seier Einevoll. Hans matematiske løysing av ein viktig modell i statistisk fysikk i 1944 (Ising-modellen i to romlege dimensjonar) er blitt karakterisert som ein av dei aller største og viktigaste prestasjonar i matematisk fysikk i det 20. hundreåret. Onsager ville for øvrig vore 100 år i år, og posten gir i desse dagar ut eit jubilemumsfrimerke for å heidra han.
Samfunnskontakt
Fysikkprofessor Gaute Einevoll har eit hjartesukk til slutt:
– Vi, altså fysikarar, må bli utruleg mykje flinkare til å kommunisera faget vårt til samfunnet. Nye mediekanalar må takast i bruk og vi må arbeida for å fremja interessa hjå dei unge og forståelsen for viktigheita av faget hjå dei vaksne.
Oppdatert: 14.11.03
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: