Forsiden
Jordskiftehøvdingens dag
Trond Solem
70-årsjubilanten professor Hans Sevatdal syntest det var ein glimrande idè å bli takka av med et fagseminar. Ein nær fullsatt festsal fredag syntest å meine det same. – Han vil alltid vere ein bauta innan eigedomsfaget, sa instituttleiar Eva Falleth til forsamlinga.
- Han er genuint glad både i menneske og i faget. Og han er genuint bekymra for kva som vil skje med arkiva på kontoret hans, la Falleth til.
Sevatdal vart omtalt som ein nestor, ja ein institusjon innan eigedomsfaget i Noreg. Han har 34 år bak seg hos UMB og Institutt for landskapsplanlegging. Han har saktens litt av kvart av betydning i arkiva.
Høgskulen i Bergen takkar for utmerka samarbeid
Foto: Trond Solem
Så lenge det er morosamtHeldigvis for arkiva og dei mange kollegane og studentane som har knytt band til jubilanten, er det ikkje bråstopp.
-Sjølv om eg sluttar i professoratet, ynskjer eg å halde fram med faget og undervise så lenge det er morosamt og responsen er god, melder han.
Det
vart mykje humor, varme og respons på den heile dagen som var sett av til å feire Sevatdal, så voninga er at han ikkje blir fulltids jegar, fiskar og lesar på lenge enno.
- Det er framleis Hans som set på kaffen om morgonen, det var det òg på sjølve 70-årsdagen, opplyste koordinator for fagseminaret, Einar Hegstad.
Men om Sevatdal er god til å skape kaffehygge, er han spesialist på konfliktar. Noreg har mykje eigedomskonfliktar jamført med grannelanda, og det var tema for Sevatdals eige foredrag på seminaret.
Instituttleiar og prorektor Sevatdals karriére rommar òg leiaransvar. Han har vore instituttleiar og prorektor for utdanning hjå UMB. Noverande prorektor hjå UMB, Morten Sørlie, takka han for det.
-Vi er avhengige av at nokon tar leiaransvar, sjølv om leiaransvar i akademia kan vere som å leie katter – ein kan ikkje gjere stort meir enn å flytte matskåla.
Den uhøgtidelige tona forlet aldri seminaret. Ein rad med samarbeidspartnarar stod fram med hyllest: Jordskifterettar, Statens kartverk, Høgskolen i Bergen – alle hadde ei god historie frå tida med Sevatdal å krydre stemninga med. Og sjølsagt hadde Sevatdal fleire sjølv.
Sevatdal er langt frå å miste det djupe faglege blikket og engasjementet.
Foto: Trond Solem
Fødselshjelpar Men som fagmann har 70-åringen meir enn koseprat å komme med. Han har vore ”ein fødselshjelpar” for den nye eigedomslova (matrikkellova) som trådde i kraft frå 1.januar i år.
-Lova vart vedteke med ei varsam innføring av faglege kompetansekrav til dei som skal utføre kart- og delingssaker.
Stoltenbergregjeringa tok omkamp på nett dette, og fekk teke bort kompetansekrava! Tragisk for fedrelandet, tordnar Noregs jordskiftehøvding.
Sevatdal korkje ser eller høyrest ut som ein 70-åring, kvass og morosam så det lynar. Det er lite truleg at han tek jubilèet som ei oppmuntring til å slute å bry seg.
Oppdatert: 05.02.10
Utskriftsvennlig versjon