Aktuelt
Kjølebag som varmar
Gro Elden
Kva for turkis fargeklatt er det som har slege seg ned i venstre hjørne av storplena ved Universitetet for miljø- og biovitskap i Ås?
Ein mann; time etter time. Dag etter dag. Rett utafor kontorglaset mitt såg eg han. Kva dreiv han på med? Det måtte da bli eit særs tynt, men djupt hol; kva for stokk eller kraftig staur skulle ned? Ein liten sikringsboks? Slik kunne journalisten sitja og fabulera. Og nysgjerrigheita steig. Ikkje berre hjå meg. Fleire og fleire folk var bortom og kikka, slik innimellom. Slo gjerne av ein prat med karen som rytmisk og tolmodig gravde seg djupare og djupare ned i hjørnet av storplena.
Eine dagen var det slutt, holet var tydelegvis djupt nok, breidt nok. Kva skjer? Foringstid? Gravaren svolten? Kjølebag? Skal han eta ute? No midt på vinteren? Dette var merkelege saker!
Trass den naturtru klassiske turkise farga - viste det seg at kjølebagen var i bronse. Det journalisten hadde vore vitne til var rett og slett ei skulpturavduking. Kor feil kan ein ta! Dette må vi vita meir om.
Prosessen
Korfor ein turkis kjølebag, fastmontert på storplena ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB)? Vi kontaktar parkleiar Linda Vesterlund. Ho fortel at det var i år 2002, at administrerande direktør Einar Eriksen og teknisk dirketør Elisabeth Blichfeldt søkte Utsmykkingsfondet for offentlege bygg om kunstnerisk utsmykking av den gongen Noregs landbrukshøgskole (NLH). Ti av i alt 36 søkjarar fikk tilsagn på sin søknad. Utsmykkinsfondet har stått for finansieringa, UMB har stått for sjølve fundamenteringa.
I prosessen vidare var det Parkrådet med representantar frå Institutt for landskapsplanlegging (ILP), Institutt for plante og miljøvitenskap (IPM) og parkeinheita som var NLHs kontakt med utsmykkingsfondet.
Fram og tilbake
I søknaden var det vald ut tri stader som kunne vera aktuelle for kunstnerisk utsmykking. Den første var ved viftebeda i hovudaksen frå Ur, den andre i foajeen i Tårn og den tredje i hjarterommet i Ur. Etter ei befaring valde utsmykkingsfondet å arbeida vidare med det første forslaget. Denne plasseringa viste seg etter kvart å vera problematisk. Derfor valde ein i staden den noverande plasseringa. Med dette i boks starta Utsmykkingsfondet arbeidet med å finna ein kunstnar og eit kunstverk som kunne høve. Forslaget som dei etter kvart presenterte var overraskende, men alle involverte ved NLH var positive.
Reaksjonar
– Den skaper noko hjå folk. Engasjerer. Folk meiner eit eller anna. Folk stansar opp, går ikkje berre rett forbi. Kjølebagen gjer noko med folk, svarar parkleiar Linda Vesterlund på spørsmål om publikum reagerer på den ”falske” kjølebagen. I sommar sette vi opp ein byste av Bastian Larsen, vi har ikkje fått nokon respons på det kunstverket. Bysten liknar på mange andre, og skil seg ikkje ut på noko vis. Bysten av Larsen kunne ha vore femti år, ja hundre år.
Kjølebagen derimot har vi fått mange reaksjonar på. Attendemeldingane har variert frå det kjempenegative til det veldig positive.
Kva da med oppdragsgivaren; vi spør adm.dir. Einar Eriksen. Når skulpturen er på plass, kva tenkjer han no? – Kontroversielt, spesielt. Kjølebagen er ein artig vri. Kunst kan jo virka på så mange plan: At det skal vera vakkert og dekorativt. Dette er ei anna vinkling.
Europa
UMB er ikkje åleine her tillands, ein lik skulptur skal stå på torget i Svolvær òg. I Europa er det Sverige og Holland som ”kjølebaggar” seg. Åtte i talet til saman.
Uansett ver
Journalisten følgjer med, dagleg. Ser kor lauvet legg seg på skulpturen, litt snø har han fått bryna seg på, trass i ein snøfattig vinter. Regn; mykje regn har han måtta tåla. Men han står der, trygt planta, i sin turkise invitt. Bada i låg kveldssol, vi har hatt slike dagar med, ber kunstverket bud om lange sommarkveldar. Frosne vinterskrottar minnes sommardagar med forfriskningar på flaske og tallerken.
Kjølebagen får varma oss gjennom mørke og kalde vinterdøgn. Tenkjer journalisten og drøymer om varme og sløve sommarkroppar og gler seg allereie til myggstikka. Pytt sann!
Oppdatert: 04.02.05
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: