Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Klimarekninga til landbruket

Trond Solem

Takka vere sterk organisering er norsk landbruk i stand til å setje i verk effektive klimatiltak. Men kva for tiltak? Å vente på ein perfekt forskningsrapport vil ingen, viste klimaseminaret på Universitetet for miljø – og biovitenskap.


Paneldebatten under UMB sitt klimaseminar i november gjekk til tider langt utanfor landbruket si spesifikke rolle. Så var då og Tim McAllister frå FN sitt klimapanel og Pål Presterud frå Cicero to av deltakarane, i ein debatt der ordstyrar var Øystein Dahle, styreleiar i World Watch Institute.

Frå eit einsleg kurap med metan og til enkeltmennesket si rolle, gjekk turen via den store heilskapen og moment som skapar uvisse som påstanden om eit ”tipping point” - eit punkt i utviklinga der klimaeffektane vert umogelege å stoppe. Og som vi alt kan ha nådd.

- Klimakrisa er ei enorm utfordring til å tenkje heilskapleg, men det viktigaste er å handle no og få resultat. Vi har lange lister med tiltak og verkemiddel. I botnen må det liggje ein høg kostnad for utslepp, for eksempel 100 dollar per tonn, sa Pål Presterud.

Det verste
I følge Presterud er det bevist at det aller verste klimascenariet inntraff sju-åtte gonger berre under siste istid – ein periode på 100.000 år. Eit ”tippe-punkt” er tidspunktet då ein mistar herredøme over sjølvforsterkande klimaeffektar og dei kjem heilt utanfor kontroll.

Nokre forskarar trur vi allereie er ute av stand til å reversere oppvarminga, men teorien er omstridt i forskerverda. FN sitt klimapanel har førebels ikkje rørt temaet.

- Dette er ein av ”dei store ukjente”, men alt tyder på at det finnast slike kritiske punkt der klimaforandringene vert irreversible, seier Presterud.

- Ingen veit, og det er stor uvisse rundt mange faktorar i klimaforskninga generelt. Vi veit heller ikkje om det vi gjer i dag gjev resultat i neste veke eller om 30 år. Det vi veit, er at ting vert verre om vi ikkje gjer noko, sa Tim McAllister om dette spørsmålet.

- Kan få til det utrulege
Kvar i det store bildet står så landbruket? Metan og lystgass er meir potente klimagassar enn karbondioksid, og dei står for 90% av landbruks-utsleppa i Noreg. Den canadiske professoren Tim McAllister frå FN sitt klimapanel var på visitt for å snakke spesielt om metan.

- Metan er ein liten del av det totale utsleppet, og den delen vil venteleg halde fram med å vere liten, sjølv om den kan auke som fylgje av større etterspørsel etter mjølk og kjøt. Men innsatsen må settjast inn i alle sektorar, så metan må ein ikkje oversjå, sa han.

- Vi må handle raskt. Vi kan ikkje vente på ein perfekt forskningsrapport som kan vere politisk ubrukeleg. I dag saknar vi ei lenkje mellom husdyrproduksjon og planteproduksjon. Når den er dekka kan vi byrje å handle for alvor, sa departementsråd Per Harald Grue, som også refererast til som Noregs ”Mr. Landbruk”.

Grue påpeikar at den sterke organiseringa i norsk landbruk gjer oss handlekraftige.
- Får vi først oppslutning om tiltak kan bondeorganisasjonane og bøndene få til det utrulege, sa Grue.

- Vi har system for optimal fôring, og vi har annan kunnskap og teknologi som ikkje er sett ut i praksis enno, sa førsteamanuensis Harald Volden, sentral i arbeidet med å få husdyrutslepp inn i klimaregnskapet.

- Kunnskapslause og historielause
Også Svein Guldal frå Noregs bondelag meinte norsk landbruk var rusta for tøffe klima-tak. Grue frå landbruksdepartementet påpeikte at årsaka ligg i langsiktig tenkjing.

- Det tek lang tid å byggje eit effektivt landbruk. Vi har økonomar i dag som undervurderer dette, men dei er historielause og kunnskapslause, tordna Grue.

Han viste til Ukraina, Sovjetunionen sitt spisskammers, der landbruket som skal forvalte den berømte svarte jorda fortsatt ligg med bråten rygg. Også i det tidligare Aust-Tyskland har det skjedd lite på de 20 åra sidan sammenslåinga med vest.

- Blir sett på som sprø
Kvart personleg bidrag til den store klimaballongen kan synast ytterst ubetydeleg, likevel er ikkje alle dei små bidraga til å kome utanom. Korleis ser forskarane på den debatten?

- Ein kan bli frustrert og pessimistisk, for det ser ut som om Regjeringa overlet hovudjobben til oss enkeltpersonar. Eg køyrer ikkje til jobben og gjer elles alt eg kan, likevel går det i feil retning, seier Harald Volden.

- Eg etterlyser rettleiing i korleis vi forbrukarar kan gjere ein best mogeleg innsats.

Tim McAllister vel å sjå det litt annaleis.
- Canada ligg 20 prosent over det vi har forplikta oss til i Kyoto-avtalen, og alle kritiserar Regjeringa. Men alle kan gjere meir, og hadde vi gjort det ville vi ikkje lagt 20 prosent over.

- Sjølv gjer eg alt eg kan, men blir sett på som sprø. Når eg ikkje køyrer borna til skule og barnehage, blir det oppfatta som om eg ikkje tek skikkeleg vare på dei, seier McAllister.

Omsetjing til nynorsk: Margreth Ness




Oppdatert: 02.01.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]

 
Relasjoner til saken

Metan (CH4) stod for åtte prosent av dei norske klimautslippa i 2005. Gassen er for øvrig hovudbestandel i naturgass. Metan skapast under råtningsprosessar når oksygen ikkje er tilstade. Den reknast som den nest viktigaste klimagassen globalt. I Noreg kjem utsleppa nesten berre frå husdyrhald, internasjonalt er blant anna risdyrking ei større kjelde. Meir enn halvparten av metanutsleppa i dag antek ein å vere menneskeskapte. Komplekse og samansette kjelder gjer uvissa stor i forhold til det globale utsleppet av metan.