Med inspirasjon frå djevelrokkar og grashopper, og med særs lite drivstoff, skal ein gjeng UMB-studentar setje miljørekord i Shell sitt Eco-marathon denne våren.
PÅ PLASS: Ved siden av å vere førar av bilen, er Janicke H. Asakskogen Ecotwin sin økonomiansvarlege. Ho er femteårsstudent på Industriell økonomi - maskin ved IMT.
Foto: Knut J. Meland
Utfordringa er enkel: å designe, byggje og køyre det mest drivstoffeffektive køyretyet. Målet er ikkje å setje fartsrekordar eller å vere den fyrste over målstreken, men heller å bruke så lite drivstoff som mogeleg over ein gitt distanse.
BENSINTANK: Det er ikkje plass til mykje væske på tanken til Ecotwin. 3,5 deciliter for å vere nøyakteg. TANK: Det er ikkje plass til mykje væske på tanken til Ecotwin. 3,5 deciliter for å vere nøyaktig.
Foto: Knut J. Meland
Konkurransen blir kalla Shell Eco-marathon, og har opphavet sitt frå USA. I Europa gjekk løpet for fyrste gong i Frankrike i 1985. Vinnaren den gongen køyrde 680 kilometer på ein liter bensin, mens den sveitsiske vinnaren i 2005 kom heile 3836 kilometer på lik mengd energi. Det tilsvarar meir enn strekninga Oslo-Tromsø tur/retur.
Samansett og samansveisa Lista ligg med andre ord høgt, men det har ikkje hindra ein gjeng ingeniørstudentar frå Institutt for matematiske realfag og teknologi (IMT) frå Universitet for miljø- og biovitskap (UMB) i å melde seg på den krevjande konkurransen.
Det som begynte som eit stadig tilbakevendande samtaletema over matboksane i kantina enda i februar 2009 opp i ei forpliktande storsatsing: Ecotwin. Etter som prosjektet skreid fram har flinke folk hekta seg på, og i dag består Ecotwin-laget av elleve studentar frå tre ulike studieretningar.
I ein av garasjeverkstadene ved IMT sin Fløy IV jobbar gruppa dagleg og iherdig for å ha farkosten klar for startstreken 6. mai, då Shell sitt Eco-marathon Europe går av stabelen ved EuroSpeedway i Lausitz i Tyskland.
LAGET: Frå venstre: Åsmund Møll Frengstad, Henrik F. Holmberg, Janicke H. Asakskogen, Lars Norberg, Erik Olsvik, Terje Brandshaug, Maria Kristiansen, David Lindebø Østby, Eirik Lind Hånes og Amund Føyn (ikkje på bildet).
Foto: Ecotwin
Lik ein kantklippar Doningen Ecotwin stiller med er ein såkalla parallellhybrid som bruker både elektrisk energi og biodrivstoff.
«RAVEN»: Designansvarleg Erik Olsvik held opp ein tidleg modell av bilen.
Foto: Knut J. Meland
– Vi har utvikla vårt eige hybridsystem som gjer at vi heile tida står fri til å velje den mest effektive måten å overføre energi frå dei ulike energilagera og ut til hjula på, seier marknadsføringsansvarleg Åsmund Møll Frengstad, tredjeårsstudent på Maskin, energi og produktutvikling ved IMT.
Sjølve forbrenningsmotoren er tilsvarande den ein kan finne i ein ordinær kantklippar. Dei sparsame 25 kubikkane er nok til å drive bilen framover, for motoren driv berre eit hjul av gongen. I tillegg til direkte kopling mot hjula, er motoren også kopla til ein generator som gjer at lasten på motoren heile tida blir tilpassa det som gir optimal effektivitet.
Superkondensator Elektrisiteten som generatoren produserer blir lagra i ein superkondensator (eit alternativ til batteri, som er forbode av Shell), og kan nyttast av elektromotoren når det trengst.
– Det er særleg i samband med akselerasjon at vi bruker elektromotoren. Den er meir effektivt enn forbrenningsmotoren sidan den er mindre avhengig av korrekt turtal for å få god effektivitet, forklarer teknikar Lars Norberg, som er tredjeårsstudent på Maskin og energi ved IMT.
SUPERKONDENSATOR: Ved kortslutning frigir denne vetle boksen ein energimengde tilsvarande eit lite lynnedslag. Den skal plasseras bak ryggen til sjåføren, utan at det utgjer nokon fare, forsikrar Ecotwin-laget.
Foto: Knut J. Meland
Forbrenningsmotoren blir testa UMB sitt motorlaboratorium for å finne den perfekte køyreteknikken. Samtidig jobbar Ecotwin-laget stadig med optimalisering av dei ulike motordelane, og det blir jobba med system som kan hente ut høykvalitetsenergi frå varmen motoren lagar.
– Så sinnssjukt som mogeleg – Vi leikar ikkje ingeniørar, seier designansvarleg Erik Olsvik tørt.
Olsvik er fjerdeårsstudent ved Maskin, prosess- og produktutvikling ved IMT Hovudoppgåva hans i Ecotwin-laget er designutvikling. Han kan fortelje om lange og utmattande, men givande prosessar.
Enkelt sagd begynner det heile med tallause timar ved teiknebordet og dreiebenken for å få ferdig ein leiremodell. Så blir det heile skanna for å få til ein tredimensjonal modell som endeleg kan realiserast i form av ein minst like tidkrevjande produksjonsprosess.
FIN SVEIS: Verkstadlærling Truls Sørensen stiller opp for Ecotwin.
Foto: Knut J. Meland
Fluktmanøvrar – Vi vil gjere noko som er så sinnssjukt som mogeleg innanfor dei rammene Shell pålegg oss. Ser det bra ut reint matematisk kan du vere sikker på at resultatet blir bra også, seier Olsvik og viser fram teikninga av versjon 6.1.
Det blir nok ikkje den siste versjonen, for Olsvik er allereie i gong med arbeidet på 6.2.
– Sånn er det. Eg trur ikkje Windows 7 blir den siste versjonen vi får sjå frå Microsoft heller, seier han.
Dei fyrste designskissene henta inspirasjon frå grashopper og djevelrokkar: skapningar som bruker svært liten energi i dei stadige fluktmanøvrane sine.
– Designa er prega av strømningslinjer og sporty utsjånad samtidig som det varetek funksjonaliteten til ein bil i urbant miljø, seier Olsvik.
SJEFEN SJØLV: Verkstadsmeister Bjørn Brenne er god å ha før Ecotwin-teamet. Personleg har ahan stor tru på prosjektet og vonar tidsfrista ikkje vert ein øydeleggande faktor.
Foto: Knut J. Meland
Urbant konsept Løpet har to hovudklasser: «Prototype», der bilane blir designa berre for å redusere luftmotstand og maksimere effektivitet, og «Urban Concept», der målet er å lage ein funksjonell og realistisk bil. Her er det heilt andre krav til tryggleik og brukartilpassing.
Ecotwin deltek i sistnemnde kategori, og du skal ikkje verte overraska dersom bilen blir masseprodusert og hamner på norske veger som ein mopedbil til slutt. Ecotwin sine konkurrentar frå Luleå har nyleg fått bilen sin godkjent av det svenske biltilsynet.
Ved sida av primærklassa «Urban Concept», deltek Ecotwin i underkategoriane «Forbrenningsmotor», «Design», «Minst CO2 per kilometer» og «Sikkerheit».