Aktuelt
Lånar vekk Afrika
Knut Jul Meland
Professor Tor. A. Benjaminsen ved Noragric sett søkelyset på effekten av at utanlandske investorar leiger og dermed eiger stadig større delar av det afrikanske kontinentet.
Prof. Tor A. Benjaminsen
Foto: Evy Jørgensen
Professor ved Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar (NORAGRIC)
Tor A. Benjaminsen er intervjua i
Aftenposten om villigheita blant utanlandske investorar til å inngå leigeavtalar over landområdar i Afrika. Avtalar som ofte er lite lukrative for lokalbefolkninga.
Leiges i 99 år
– Jord leiges i opp til 99 år og nyttas stort sett anten til å kultivere mat, som hovudsakleg går til marknader i investoranes heimland, eller for å dyrka avling som nyttas til biodrivstoff for sal i Europa eller USA, seier Benjaminsen.
Sidan brorparten av jorda i Afrika formelt sett er eid av staten, kan byråkrater i regjeringane leie ut landområdar tross behovet for jord blant lokalbefolkninga. Korrupsjon er også eit moment.
Nomadar
– Taparane er dei som ikkje har sterk rett til jorda dei nyttar, eksempelvis nomadar som treng beitemark til dyra sine, seier Benjaminsen.
JORDBRUK: Bildet er tatt av professor Tor A. Benjaminsen sjølv på ein av mange reiser til det afrikanske kontinent.
Foto: Tor A. Benjaminsen
Publisert: 25.11.09
Oppdatert: 30.11.09
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: