Aktuelt
Læring er gøy
Elin Judit Straumsvåg
NLH vert meir og meir sentral i norsk fysikkmiljø. Amanuensis Arne Auen Grimenes skriv lærebok i fysikk for vidaregåande skule. Bøkene og boklanseringane er god NLH reklame.
NLH-fysikar forfattar i forlaget Cappelen si storsatsing på nye lærebøker i fysikk for vidaregåande skule. 2FY kom i haust og 3 FY kjem til neste haust. Saman med forfatterkollegaene Per Jerstad og Bjørn Sletbak sit amanuensis Arne Auen Grimenes akkurat i innspurten og leverer stoff til korrektur og trykking i desse dagar. Våren blir dessuten travlare enn tenkt, for forlaget har nyleg bestemt seg for å gi ut nye lærebøker for forkurset i fysikk på ingeniørhøgskulane skreve av dei samme forfattarane.
Animasjon og simulering
Kva er det som er nytt med dei nye bøkene? Fargene, både på foto og teikningar og modellar er flotte. Bøkene har mykje god kjøkken- og sirkusfysikk. Læreboka er lagt opp med det for auga at ein kan ha det artig medan ein lærer, det same med oppgåveboka. Viktig er det òg at det er opplegg for at elevane skal undervisa andre i det dei har lært, foreldre eller medelevar på lågare trinn. Det er ein cd med og det er utvikla omfattande internettsider. Nettsidene er fulllasta med interaktivt læringsstoff og med ekstensivt stoff. Plenty med animasjonar og simuleringar som løftar og forklarar pensum og mykje meir på ein forbilledleg måte, i bokstavaleg forstand. Differensieringsstoff. Morofysikk. Historisk stoff og masse populærvitskap.
Pedagogen per se
Arne Auen Grimenes er ikkje noko dårleg val og slett ikkje tilfeldig vald som ny medforfattar for lærebøkene. Han har fått fleire prisar for sine pedagogiske prestasjonar ved NLH og han har vore med og laga fjernsynsprogram om matematikk og naturfag for NRK. Grimenes trur elevar som har det gøy lærer betre. Slik er forsøkene i boka bygd opp òg: Lek og lær. Ettertanke høyrer med og kvart kapittel har sine grunnleggjande undringsspørsmål i Sokratisk and. Fysikken er knytt opp imot andre realfag og han er ikkje reve ut av ein historisk og samfunnsmessig samanhang. Dette er ein viktig pedagogisk ståstad for bokprosjektet.
www.rstnett.cappelen.no
Lærebøker følgjer sine læreplaner og dei skal ikkje vera for tjukke, med det så dett alt det morosame ut. Men kva kan ein ikkje bruka nettsidene til: Der finn ein alt det som det elles ikkje er plass til. Ubegrensa plass til mykje moro. Om nokre veker kjem det studieinfomasjon om realfag til fysikkelevane her, mellom anna om NLH-studiene. Dette er gøy for læraren med, nettbasert lærarveiledning til alle bøkene. Nyhende spalte. Eiga elektronisk nyhendebrev seks gongar i året. Det kan vera nye morosame forsøk, eller nytt frå vitskapen læraren bør oppdatera seg på.
Gjesteforfattarar
Amanuensis Petter Hieronymus Heyerdahl og professor Gaute Einevoll ved NLH skriv òg i boka, gjesteartiklar om bioenergi og om biofysikk. I fjor var Gaute Einevoll med på lanseringsturneen åt Cappelen, i år skal Arne Auen Grimenes fronta NLH-miljøet åleine. Her er det berre å spenna seg fast, NLHfysikken er i farta.
Faktabolk:
Rom Stoff Tid 2FY
Rom Stoff Tid 2FY
(i bruk i skulen frå sist haust):
- 2 bøker
- CDrom
- RSTnett
- lærarveiledning på nett
Rom Stoff Tid 3FY (i produksjon)
- 2 bøker
- CDrom
- RSTnett
- lærarveiledning på nett
Rom Stoff Tid Forkurs for
ingeniørhøgskolen
- 2 bøker, - RSTnett
- lærarveiledning på nett
RSTe-posten- Elektronisk
nyhendebrev for fysikklærarar
Oppdatert: 07.03.03
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: