Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

”Man kan ikke se de grenser under vann ”

Gro Elden

Fiskeriminister Svein Ludvigsen er med og opnar akvakualturseminar ved Universitetet for Miljø- og Biovitskap 7. – 8. august. Viseminister Sadoval frå Chile og mange andre ministrar og ambassadørar frå heile verda vil vera til stades.


Harald Heide Steen Jr. peika i si tid på at ”ubåtkapteinar” ikkje hadde lett for å orientera seg og ”finne de grenser under vann”. Det vart i den samanhangen ikkje nemnd koss fisken hadde det, men vi har all grunn til å tru at dei hadde stø kurs. Det er heller ikkje manglande orienteringsevne som har ført til auka internasjonalisering av alt innan akvakulturproduksjon i dag.

Internasjonalt seminar
7. – 8. august er Universitetet for Miljø- og Biovitskap (UMB) vertskap for eit stort seminar der bygging av globale nettverk innan utdanning og forsking står i sentrum. Vår eigen fiskeriminister Svein Ludvigsen opnar og deltek på seminaret som har internasjonale og UMB’s eigne forskarar på lista over forelesarar.

Administrerande direktør Einar Eriksen ved UMB poengterer at det er viktig å syna fram at UMB ikkje berre representerer det grønne, men at universitetet har viktig forsking og undervising innnan akvakultur og.
– Seminaret er med og syner oss fram, samstundes knyter vi viktige kontaktar i nye miljø, seier han.

Framtidas akvakulturutdanning
Seminaret skal vera med å skapa ein arena for utvikling og diskusjon av internasjonale graderingar av studentkandidatar og leggja grunnlaget for globale nettverk innan akvakultur-forskinga ved UMB.

Den ”blå” aksen
Dagens internasjonale trendar vil bli presentert i løpet av dei to dagane seminaret varer. Ikkje minst avdi dei legg grunnlaget for framtidas akvakulturutdanning. På spørsmål om kva seminaret bør resultera i slår Einar Eriksen fort fast at han håper seminaret set UMB på verdskartet når det gjeld forsking og undervising innan akvakulturen.

– Dette er eit viktig seminar med representantar frå mange land og med fiskeriminister Svein Ludviksen som innleiar. Vi får markerer oss godt som ein del av den ”blå” aksen, avsluttar administrerande direktør Einar Eriksen.


Oppdatert: 07.07.05
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]