Aktuelt
Matalliansen kursar Hakongruppa
Elin Judit Straumsvåg
Dei fremste ekspertane på frukt og grønt i Hakongruppen (Rimi, ICA og Maxibutikkane) har delteke på eit todagars kurs i frukt og grønt. Matforsk og NLH har stått for fagkompetansen og SEVU koordinerer prosjektet.
Det handlar om eit nytt læringsprogram for å bygge opp fagkompetansen på frukt- og grønt i varehandelen. - Det er pølsemakarar, butikkslaktarar og kokkar i butikkane, men få med spesialkompetanse på frukt og grønt, seier Gunhild Drabløs ved SEVU. Hakon-gruppen har prøvd å gjera noko med dette og starta for eit par år sidan sin interne frukt- og grøntskole. Det var ønsket om å tilføra meir kompetanse til dei beste og mest motiverte elevane herifrå som gjorde Matalliansen til ein interessant samarbeidspartner for vidare kompetanseoppbygging. 20 kursdeltakarar var med på denne bolken, ei ny gruppe kjem seinare i januar.
Læringspartnarskap
SEVU koordinerer prosjektet, medan Institutt for plantefag og MATFORSK har det faglege ansvaret. Professor Karin Haffner, (IPF), ei entusiastisk drivkraft, godt supplert av Berit Karoline Martinsen frå MATFORSK, er svært nøgde med resultatet frå dei to første kursdagane: - Vi har lært mykje om varehandelen sine rammevilkår, om kompetansebehov og om hensiktsmessige læringsformer, noko som er viktig dersom vi ønsker å spela ei rolle som kompetansetilbydar for varehandelen. Karin Haffner er også nøgd med den gode "timinga" med regjeringas ernæringsmelding "Resept for et sunnere Norge". Varehandelen spelar ei svært viktig rolle i å motivera forbrukarane til å kjøpa meir frukt og grønt.
Evaluering
Deltakarane på kurset verka svært nøgde under kursevalueringa : "Jeg kjenner meg tryggere i forhold til å gi råd til kunden både om næringsverdi og behandling og bruk av varene, fordi jeg vet HVORFOR", sa den eine. "Vi har fått ny kunnskap og prøvd ut ting i lab og prøvekjøkken - det gir større sikkerhet for meninger", meinte andre. "Alt vi hørte og snakket om var lærerikt og anvendbart", var utsegn som gikk att.
Det todagars lange "frukt og grøntkurset blir fulgt opp av nye to dagar i juni og oktober, der deltakarane gjennom forelesningar og øvingar tilegnar seg ny kunnskap. I mellomperiodene skal kunnskapen omsetjast i praksis. Deltakarane har fått konkrete oppgåver der dei skal ut og "forska" i eigen butikk, gjennom å prøva nye tiltak som aukar salet og reduserer svinn på utvalde frukt og grønnsaksortar.
Dette prosjektet er eit eksempel på korleis NLH og MATFORSK gjennom Matalliansen kan jobba med etter- og vidareutdanning mot nye ledd i verdikjeda "frå jord til bord". Kursutvikling kan delfinansierast med midlar fra Kompetanseutviklingsprogrammet (UFD), under forutsetnad av at dei blir utvikla i tett samarbeid med etterspørjar, i dette tilfelle Hakon-gruppen.
Dei nyutvikla kursa kan så verta tilbydd andre aktørar i varehandelen. Kanskje gjer også fagfolka frå NLH nokre erfaringar som kan koma til nytte i kandidatutdanninga?
- Gjennom grundig evaluering i forhold til mål som Hakongruppen sjølv har sett opp, vonar vi også å kunne vise at kompetanseutvikling gjev konkrete positive resultat for etterspørjar, seier Gunhild Drabløs ved SEVU.
Oppdatert: 29.01.03
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: