Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Med liv og lyst

Elin Judit Straumsvåg

”Fenomenet” først – klar beskjed til dei omlag 170 lærarane som deltok på grønn fagdag ved Noregs landbrukshøgskole (NLH).- Målet med dagen var å inspirera deltakarane til å gi liv åt undervisinga i naturfaga, seier prosjektleiar Mike Moulton ved Senter for etter-og videreutdanning.


Dagen var lagt opp med ’fenomenet’ som ein raud tråd. Eit eige seminar tok for seg koss ein bør bæra seg åt for å få eleven interessert i naturfaga. Koss gi liv åt emne og fag som eleven har motstand mot. Trylleformelen er fenomenorientert læringsform: Skal du læra om stein så ta med stein inn i klasserommet eller kanskje enda betre, ta elevane med ut. Eller liv opp fotosyntesen med å la elevane smaka på sukkersortar og stivelse/mjølsortar for å illustrera fotosyntesa. Vatnet, karbondioksydet og sollyset får du alltids fletta inn. Eller skriv du opp formelen på tavla før timen startar.

Årvisst vert lærarar ved vidaregåande skular, ungdomsskular og statlege høgskular inviterte til ein ”grønn” fagdag ved Noregs landbrukshøgskole (NLH). Gjestane får eit lite innsyn i noko av kompetansen NLH rår over. Høgskulen på si side får vist fram finsida, eller rettare; delar av ho.

Parallelle seminar
Parallelle seminar kan skapa problem: Kva skal eg velgja? Seks tema før og seks tema etter lunsj var utfordringa. Sterke krefter frå NLH stilte opp med siste nytt på sine fagfelt, og spennvidda var stor: Kan husdyr spara helsevesenet for store beløp? Forsking syner nemleg at dyr verkar positivt inn på folks psykiske og fysiske helse. Vinterferie og påske står for tur om inkje for brått. Greier du å halda treartane lønn, lind, alm i vinterham frå kvarandre. Bjørka er vonaleg lettare, men ein kan læra seg å sjå etter identitesteikn og med ett er tre og skog noko heilt anna, sommar som vinter. Vi kjem ikkje unna ulven og koss vi skal stilla oss åt det dyret. Eit tema var kva for konsekvensar får dette for bruk av utmarka?

Straumprisar og økonomi
Straum og ikkje minst prisar opptek oss meir enn normalt om dagen. Seminaret ”Kraft og miljø-velsignelser i markedet?” tok opp vasskraft som ei alternativ kraftkjelde. Meir aktuelt enn nokon gong er òg temaet ”Hvem eier Norge? Og hvordan? For kva skjer når eigarane av landbrukseigedomar ikkje bur og driv lenger? Kinas økonomi er i kraftig vekst, noko som har ført til alvorleg luftforureining; kva for effektar har dette på jord og vatn? Lurer du på koss ein lagar papir, på fagdagen fikk du vita det. Tidleg krøkast….entreprenørskap vert meir og meir etterspurd. Også i skulen og koss stimulera eleven til bedriftsetableringar. Kor er akilleshælen i den prosessen?
Mykje å få med seg på fagdagen, sjølvom ingen kunne få med seg alle seminara ved NLH.


Oppdatert: 10.01.03
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]