Sidenavigasjon: Hovedside / Forsiden [Sidekart] [Kontakt] Frontpage
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning
Åpen dag 8. mars

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Forsiden

Meir fattigdom med norske skogmilliardar?

Trond Solem / Anne Utvær

Andre givarland følgjer Noregs bruk av inntil 15 milliardar mot avskoging, det har blitt eit globalt pilotprosjekt. Men den aktuelle strategien - betaling for å la skogen stå - kan lett ramme dei fattigaste og møte lokal motstand, hevdar professor Pål Olav Vedeld.


Skog og fattigdom Avhengige av skogen: folk med små inntekter i utviklingsland. Uten at gleden er borte.
Skog og fattigdom Avhengige av skogen: folk med små inntekter i utviklingsland. Uten at gleden er borte. Foto: Pål Olav Vedeld
Foto: Pål Olav Vedeld
Regjeringa ser for seg ein trippelgevinst med å bruke inntil 3 milliardar kronar over 5 år til nedkjemping av avskoging, fyrst og fremst i Brasil og Tanzania. Det skal føre til meir CO2-binding, vern av biodiversitet og ei ”berekraftig utvikling” med fattigdomsnedkjemping*.

Professor Pål Olav Vedeld ved Noragric på UMB har forska mykje på fattige folks avhengighet av miljøet, blant anna med ein mykje brukt rapport utgitt av Verdensbanken.

Studiane frå Vedeld og andre forskarar har fått fornya aktualitet ved den store satsningen på klimatiltak gjennom verktya REDD (Reduced Emissions from Deforestation and Degradation) og PES (Payment for Environmental Services). Dette er paraplyane Noreg ser ut til å ville stå under med skogmilliardane sine.

Skogressursar utjamnar inntekt
Vedeld trur ikkje ein einsidig satsning på marknadsmekanismar som PES - betaling for å la skogen stå ubrukt - inneber, vil bli nokon sjølsagd suksess.
I regnskog På tur i regnskogen. Pål Olav Vedeld til venstre.
I regnskog På tur i regnskogen. Pål Olav Vedeld til venstre. Foto: Pål Olav Vedeld

- Vi må vere klare over at inntekter frå skogen og miljøet er viktigast for dei fattigaste, og at dei har ein inntektsutjamnande funksjon i lokalsamfunna, seier Vedeld.

Han peiker på at det i praksis er umogeleg å detaljstyre PES-utbetalingane i lokalsamfunn.Pilot-prosjeka viser da også varierande resultat.

- Ein særleg fare er knytt til at land, som i dag leies eller lånes av dei fattigaste i landsbyane, i staden blir brukte til PES-prosjekt. Det vil ta frå dei fattigaste tilgang på mat og viktige inntektsalternativ, seier professoren i miljø- og utviklingsstudiar.

Han meiner det rette i staden vil verar å bruke røynslene frå marknadstiltak som PES og mikrofinansiering kritisk, for å velge politikk i kvart enkelt tilfelle.
- Vi må vurdere kor det vil eigne seg å bruke marknadsmekanismar. Ofte kan alternativet vere å styrkje offentleg skog- og naturforvaltning, og der leggje større vekt på godt styresett, lokal sjølvråderett og sosial fordeling av rettar.

Fattige land har verna meir
Ein gjennomgang Vedeld og andre forskarar gjorde av 54 studiar frå 17 land, viser at inntekt frå skog i gjennomsnitt utgjer 22 prosent av totale inntekter. Dess mindre velståande eit hushald er, jo viktigare er skogen som ressurs - ofte den viktigaste.

Eit faktum som er lite kjent i Noreg, speler inn: fattige land har allereie verna meir produktive areal enn Europa
- Tanzania har omlag 1/3 av areala sine under vern frå før, og mykje av dette er høgproduktive område. Om Noreg går inn med store midlar i dette tiltaket vil enda mindre stå igjen til dei fattige, seier Vedeld.

Verneprosessane har ofte vore uryddige og udemokratiske. Konfliktar knytte til verneområde er mange og store, med store tap av landområde og ressurstilgangar. Verneområde gir også store kostnader gjennom tap av avling og husdyr, som følgje av auka rovdyrbestandar.
Skog og fattigdom Avhengige av skogen: folk med små inntekter i utviklingsland. Uten at gleden er borte.
Skog og fattigdom Avhengige av skogen: folk med små inntekter i utviklingsland. Uten at gleden er borte. Foto: Pål Olav Vedeld

- Kan forsterke lokale konfliktar
Pål Vedeld hevdar dessutan at det grunnleggjande fokuset i mange av PES-ordningane er mangefullt.
- Dei tek ofte utgangspunkt i innføring av individuelle kontraktar og betalingssystem, i samfunn der sosiale institusjonar, økonomiske system, ressurstilgang og rettar ofte er både kollektive og flytande, samt gjenstand for kontinuerleg fortolking og forhandling.

- De baserer seg på troen om mennesker som rasjonelle, individuelle aktører som i de fleste sammenhenger setter egen nytte eller profitt foran felleskap. Om dette ikkje er eit dominerande trekk i samfunnet ein går inn i, vil mekanismane sjølvsagt møte sterk motstand både klart og skjult, seier han.

- PES-mekanismane kan derfor forsterke lokale konfliktar og gi auka fattigdom for vanskelgstelte grupper. I den grad de skal brukes, må de utvikles i samarbeid med lokalbefolkningen, bli tilpassa lokale forhold og følges opp nøye, avslutter Pål Olav Vedeld

Regjeringa skriv om klima-og skogprosjektet sitt:
” Millionar av menneske lever i skogane og av det dei kan hauste av mat, fôr, brennved og bygningsmateriale. Det er ei stor utfordring å sikre at lokalsamfunnet, inkluderte urfolk, kan oppretthalde ei berekraftig hausting eller ha andre høve for å sikre livsopphaldet sitt og den økonomiske utviklinga si.”

Spørsmålet er om val av verkty og politikk tek den samla utfordringa på alvor.
Skog og fattigdom
Skog og fattigdom Foto: Pål Olav Vedeld








Oppdatert: 02.01.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]

Relasjoner til saken

Professor i miljø- og utviklingsstudiar Pål Olav Vedeld har saman med Arild Angelsen, Espen Sjaastad og Gertrude Kobugabe Berg skrive ein mykje brukt rapport utgitt av Verdensbanken i 2004 - ”Counting the environment” - om landsbyfolk sine inntekter frå miljøet. Med utgangspunkt i desse undersøkingane har han seinare publisert i fleire internasjonale tidsskrifter. Nyleg hadde han saman med førsteamanuensis Espen Sjaastad (UMB) ein lengre feature-artikkel på den internasjonale nettstaden Encyclopedia of Earth.

* sjå Regjeringens klima-og skogprosjekt

Noragric

Emneord

- Helse
- Miljø
- Utvikling



Åpen dag 8. mars
Åpen dag på UMB

Last ned studieguiden for 2012 (pdf)
Studieguiden for 2012

Økonomistudier ved Handelshøgskolen ved UMB
Økonomistudier

Informasjonssider for Fellestyret
Fellesstyrets side

Regionalt samarbeid om høyere utdanning og forskning
Oslofjordalliansen

UMBs bioenergiforskning
Bioenergiforskning

Nordisk samarbeid
Nordisk samarbeid