Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Miljøsertifisering: Noregs landbrukshøgskole først ute

Elin Judit Straumsvåg

Med gode styringsverkty og ’miljø’ i blikket tek Noregs landbrukshøgskole (NLH) steget vidare. Høgskulen søkjer om miljøsertifisering av heile campus. Det kan syna seg å vera eit positivt vegval i forhold til omverda.


Etter ein omfattande produksjon og systematisering av sentrale og instituttspesifikke miljø-dokument søkjer NLH om ISO-miljøsertifisering for heile campus. NLH har kontrakt med Dovre Sertifisering AS om ei slik tredjeparts sertifisering ved NLH. Selskapet er eit av i alt seks akkrediterte firma her til lands som utferder slike miljøsertifikat.

Ekstern revisjon
Ei ISO 14001- sertifisering innebær ein tredjeparts sertifisering (ekstern revisjon) av eit godkjent miljøsertifiseringsorgan, og er den internasjonalt anerkjente metoden for å dokumentera at ein organisasjon er organisert og dreve på ein måte som gir ein kontinuerleg forbetring av miljøprestasjon.

”Det grønne universitet”
Det har sidan etableringa av høgskulen i 1897 vore eit fokus på naturbaserte prosessar og miljø, og ikkje utan grunn kallar NLH seg for ”Det grønne universitet”.
– Ei miljøsertifisering er eit viktig signal til omverda om at NLH er seg sitt miljøansvar bevisst, er ei oppfølging av pilotprosjektet Grønn Stat, og heilt i tråd med miljøstrategien ved høgskulen, seier administrerande direktør Einar Eriksen.

Offentleg rom
– Vedtaket om ein eigen miljøstrategi, og satsinga på å miljøsertifisera verksemda etter NS-EN ISO 14001 er eit naturleg steg vidare. I daglege prosessar skal vi syna fram at vi i det offentlege rom går framføre med eit godt eksempel i arbeidet med ei bærekraftig utvikling, seier Einar Eriksen. Han legg òg vekt på at drift, forsking og undervising kjem inn under same ”miljøparaply” på det viset.

NLH i forkant
Miljøverndepartementet signaliserer i brevs form at regjeringa har som mål at alle statlege etatar og verksemder skal innføra miljøleiing som ein integrert del av organisasjonane sine styringssystem innan 2005. I 2002 starta alle departement opp arbeidet med innføring av miljøleiing i eiga verksemd. I 2003 startar arbeidet opp i underliggande etatar og verksemder. Kvar verksemd vil få oppdraget gjennom tildelingsbrevene fra overordna departement.
– Dette betyr at NLH er heilt i forkant av begivenhetene, og har gode moglegheiter til å oppfylla vår visjon i miljøstrategien om ”å være et forbilde og inspirator for andre universiteter og høyskoler når det gjelder miljøsatsing”, seier forskingsdirektør Odd Jarle Skjelhaugen. Kva dette kan bety i samband med ”goodwill” og auka merksemd frå myndigheiter, samarbeidspartnarar og potensielle studentar står att å sjå, men forhåpningane om ein positiv effekt av det å vera først er absolutt til stades meiner forskingsdirektøren.

Miljøstyringssystem
For å ha oversikt over arbeidet mot eit enda grønare universitet er det oppretta eit miljø-styringssystem. Miljøstyringssystemet for NLH er bygd opp etter mal av standarden, og inneheld viktige kravelement som skal sikra at dette blir eit effektivt og brukarvennleg verkty for leiinga, miljømedarbeidarar og brukarar.
– Miljøhandboka og miljø-dokumenta som høyrer til, vil vera eit naturleg sentrum i dagleg drift og i vedtaksprosessar, seier miljøkoordinator Heikki Fjelldal.

Miljøsertifisert før sommaren
-Vi er midt inne i ein viktig implementeringsperiode, og det er svært viktig at leinga og tilsette ved institutt og avdelingar gjer seg kjent med miljøstyringssystemet, og gjer det til ein del av det ordinære styringssystemet. Prosessen har vist at det finnes mange ansvarlege, dyktige og miljømedvitne personar ved NLH, og eg er overtydd om at dei vil setja miljøet på dagsorden slik at vi når målet vårt om å vera miljøsertifisert før sommarferien, avsluttar Fjelldal.



Oppdatert: 07.02.03
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]