Aktuelt
Mosseregionen vil samarbeide med UMB
Kai Einar Tilley
- Vi har eit universitet som berre ligg 20 minutt frå Moss. Det er viktig for utviklinga i regionen vår, sa ordførar Paul-Erik Krogsvold etter møtet med forskarar og leiinga ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB).
- I dag er har UMB to linjer med 30-40 studentar i Møllebyen i Moss. Og vi ønskjer fleire kurs i Moss, uttalte Krogsvold.
By utan høgare utdanning
UMB står heilt sentralt i utviklinga av eit utdanningstilbod på høgare nivå i Moss. Denne utdanninga er i dag lokalisert til byane sør i fylket. Det er lite som tyder på at Høgskolen i Østfold kjem til å etablere seg i Moss. Dermed vender Moss seg mot UMB på Ås.
Forsking
Det har vore sporadisk samarbeid mellom industrien i Østfold og forskinga på UMB i mange år. No ønskjer partane å utvikle samarbeidet.
Ordføraren Paul-Erik Krogsvold i Moss var svært nøgd med presentasjonen av forskinga ved UMB
- Det er ikkje berre næringslivet som vil ha fordel av eit tettare samarbeid med forskinga på Ås. Også kommunal verksemd kjem til å få glede av dette, sa Krogsvold.
No startar arbeidet
- Ingen av kommunane har hatt ressursar på eiga hand til å gå inn i eit samarbeid med UMB tidlegare. No kjenner vi at tida er inne for å gjere ein freistnad, forklarde leiar av sekretariatet i Regionrådet for Mosseregionen, Terje Pettersen. Regionrådet for Mosseregionen er eit samarbeid mellom Moss, Rygge, Råde og Våler kommunar.
Oppdatert: 07.12.07
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: