Securitas er UMB si nye vaktbikkje, og tryggleika ved universitetet betras no fleire hakk for å ligge i forkant av uønska farar som hærverk og innbrot.
PÅ VAKT: Vektarane poserer i lag med tryggleiksansvarleg ved UMB, Bård Tollefsen, foran Cirkus med el-bilen «Buddy».
Foto: Håkon Sparre
Tryggleika ved UMB har vore ute på anbod, som han brukar vêra kvart tredje år. Dei siste åra er det vaktselskapet G4S som har vakta universitetsområdet, men denne gongen vart det Securitas som hadde det beste tilbodet.
Ingen spøk Vaktoppdraget deira tek til fyrste april. Då lover tryggleiksleiar Bård Tollefsen i Drift- og serviceavdelinga (DSA) ei betring av tryggleika på UMB:
– Det er ein klar trend at trusselnivået aukar generelt i heiel folloregionen. No ynskjer vi å stogga denne utviklinga ved å oppgradera tryggleika, seier Tollefsen.
Heile natta – Vektarane er tilstade på campus gjennom heile natta, kvardag som heilagdag. Dessutan har vi fått på plass eit betra varslingssystem. Det tydar mindre risiko for at noko kriminelt skjer, og kortare responstid når noko skjer, seier Tollefsen.
Ved fleire av universitetsbygningane er det studentar og tilsette som sit utover normal arbeidstid. Disse blir betre ivaretatt med nattvakthald, og man veit heile tida kor det finst folk om det skulle bryta ut brann.
Ring ein vekter Securitas skal ha tilhaldsstad på Sevicetorget i Cirkus, og der finn du vektarar frå klokka 18:00 til 07:00 på kvardagar, og frå 15:00 til 07:00 på laur-, søn- og heilagdagar.
Nytt er også opprettinga av ein vakttelefon. Til ein kvar tid kan du få tak ein vektar ved å ringa 986 91 113. Alle studentar og tilsette oppfordras til å notera seg nummeret.
Securitas sitt inntog på UMB byr også på ei miljømessig betring: Den vetle el-bilen «Buddy» skal tena som transportmiddel for vektarane på universitetsområdet.