Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Piger, vin, sang – og fag!

Elin Judit Straumsvåg

Ei omvising ved Noregs landbrukshøgskole av guiden Anne Berit Røsnes byr på mang ei god historie. Fleire så saftige at vi får ikkje omtala dei. Bygningane og parken er òg verdt eit besøk eller to.


Piger, vin og sang, skriv Johan Nordahl Brun i diktet Norges skaal og kunne med det mest ikkje ha skildra eventyret, ved Noregs landbrukshøgskole meir eksakt. Viss ein hoppa over det faglege sjølvsagt. Det var berre gutar som studerte her i starten og pigene måtte importerast. Ikkje minst var studentane ved Stabekk Husstellskole populære. Det skulle vel liggja litt i korta at der var kulla fylt opp med studiner/piger. Kvar laurdag gikk det toglaster med damer mellom Ås og Stabekk. Mange av ”utvekslingane” vart gifte òg, så her var ikkje berre gaman og ungdommeleg helgaovermot.

Oppstarten til høgskulen tok til mykje tidlegare. I 1750 lukta ein så vidt på tanken, men fart i sakene vart det ikkje før hundre år etter. Ås prestegard sto til sals, det var heile tri mil inn til hovudstaden. Godt å ha ”syndens Christiania” på godt og vel ein armlengdes avstand.

Budde, åt og slåss
Arkitekt Holtermann vart sett til å teikna ut det som skulle verta til Den høiere Landbrugsskole på Aas. I 1859 sto dei tri enkle, kvite husa og omkransa inntunet med parklinden (1864) tronande i midten.
32 studentar budde og åt her. Etter måten ein solid porsjon testesteron som skulle ha noko å bryna seg på. Dei seks tilsette hadde vel handarbeid og litt til skulle ein tru. Iallfall går historia om den gongen Tivoli og Cirkus barka i hop i eit veritablet vasslag. Tivoligutane tok fire fangar, men tri greidde å rømma. Fjerdemann som måtte ta støyten vart bunden fast i gyngestol på do. Husmora i Tivoli tok alt ekstraarbeidet med å få opp og ut alt vatnet med stoisk ro: Det var jo hennar gutar som hadde vunne.

Ole Sverre, arkitekt, teikna husa slik vi ser dei i dag da brannen i 1895 raserte heile Husholdningen (Økonomibygninga). Han dobla storleiken og la til ei høgd på alle tri hus. Ole Sverre blanda alle stilartar, her ser vi jugend, dragestil, ut av denne kakafonien av stilartar laga han sin eigen personlege og einskapelege stil.

Parklinden
Kunne ho tala? Kor mange heite løfter, blikk med varme lovnader i, kunne ho fortelja om, parklinden? Planta i 1864 i høve treets år i Europa. Tuntreet skulle i frå gamle tider verga husbondsfolket frå alt vondt, og derfor har ein og sett tuntre i ulike storleikar kring husa åt både storfolk og småkårsfolk opp gjennom tidene. Tuntreet ved NLH har ikkje avverga alle brannane, åtte – ni i talet, høgskulen har vore utsett for. Men utruleg vakker og mystisk er Tuntreet i dag med. Ribba om vinteren, men ein eksplosjon i fylde med eit rikt spel i grønfargar om sommaren. I dag er det mest sukka og småpludringa frå dei administrativt tilsette parklinden lyt nøya seg med, der dei kosar seg med nistepakka si. Men kven veit, kanskje er det meir romanse og spanande innspell enn det som er oppe i dagen…

Svanedammen, emigrasjon, skøyteløp og fiskeoppdrett
I si tid var det mange svaner i ’Dammen’, i dag er det heilt andre fugleartar som held til i og kring Svanedammen. Dei som har hatt gleda av å sjå denne naturlege vasskjelda midt inne på campus, har kanskje lagt merke til øya midt ute i dammen og det vesle huset.
På 1920-30-talet var det stor arbeidsløyse blant NLH-kandidatane. Ei foreining for Emigrasjonens fremme vart danna og for å markera at dei emigrerte marsjerte dei over åt øya og det vesle huset. Ein tradisjon som på sitt vis står seg i dag med. 17.mai tevlar dei to studentforeiningane PB (Pils og Bayer) og Hannkattene om å svømma fortast over. Vinnaren får måla huset i sine fargar.

Seinvinters går Kurt Stilles Minneløp av stabelen. Isen er på sitt mest rotne og legg kraftige, for ikkje å seia sugande føringar for skøytetevlinga. Den middelmådige danske, nolevande skøyteløparen stiller årvisst som dommar.

På 1920-talet var Svanedammen vitne og åstad til starten på det norske fiskeoppdrettseventyret. Dei spede spirene til fiskemærer slik vi kjenner dei i dag tok til her. Professor Harald Skjervold nøydde seg ikkje med ’Dammen’, han sette inn store fiskekar i Fiskefjøset. Resten er historie.

Ur
Steinhuggar Heggelund sine uthogde dyrehovud; gris, ku, hest og vær ønskjer deg velkomen inn i den ærverdige Urbygninga. Og du er ikkje før innkommen, går du deg rett på riksvåpenet, det svensk-norske, så her er historisk sus. Og nok ei historie. I 1920 var det jordskjelv i Ås distriktet og riksvåpnet sine krakeleringar ber tydelege teikn av hendinga. Kunnskapens gudinne Athene tek og vel i mot. Røsnes er ikkje nøgd med det valet: ”Demeter, fruktbarheita og åkerbrukets gudinne ville vore betre alternativ”. Inne kan ho stolt syna fram Gamle Festsal.

Gamle Festsal
Litt tung, men veldig flott tek Gamle festsal i mot i andre høgda. Dei finurlege utskjæringane i tre er det Borgersen, treskjærar frå Bø i Telemark som står for. Han samarbeidde tett saman med arkitekt Ole Sverre. Måleria er det Dagfinn Werenskiold som har ansvaret for.
Her har vore teater og kino. Studentfester sjølvsagt og ikkje minst mang ein doktordisputas. Emna har vore mange og det har ikkje stått på fantasien. Her har kandidatar svetta over vitskapleg vinkling på alt frå nasehorn til koss kråkene har disponert sine kråketing. Vinsmaking er heller ikkje til å kimsa av, berre ein går langt nok inn i materien. Fram til 1972 var Gamle festsal ei fin ramme kring immatrikuleringa.

Tårn
Piger, vin og sang – og husstellærerinner. Soga seier at Stabekk husstellærerskole stilte med hardt tiltrengte pengar for å få Tårn ferdigstilt. I rein eigeninteresse vil vi tru for gløym ikkje toglastene med dei håpefulle kvar laurdag. Her var kino og anna organisert moro. Og alt det ein kan finna ut på eigenhand, ei lita gullgruve å hausta av.
Til neste år, i 2004, kan Tårn feira 80 år. Eit jubileum som har generert mangt eit anna jubileum skal vi tru kjentfolk. Iallfall smiler Anne Berit Røsnes lurt i det vi takkar for morosame og lærerike anekdotar og den historiske rundturen.
Og vi har sjølvsagt ikkje hoppa over Christian Magnus Falsen. Sorenskrivaren i Follo som av mange vert sett på som grunnlova sin far. Det seiest at støtta som er reist over minne hans står der skrivepulten hans i si sto.

Les mer:
- artikkel fra Ås Nytt om statuer i parken på NLH (pdf)

Oppdatert: 19.08.03
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]