Aktuelt
Rift om UMB-kandidatane
Kai Einar Tilley
Økonomiske nedgangstider svekkjer ikkje næringslivet si interesse for Karrieredagen ved UMB. Det blir trongt om plassen når 55 bedrifter og institusjonar møter 3000 studentar.
Karrieredagen
Illustrasjon UMB
UMB utdannar 600 kandidatar på bachelor- og mastnivå årleg. Omtrent halvparten av studentane gjennomfører masteroppgåva i samarbeid med næringsliv og forvaltning.
Digital møteplass for bedrifter og studentar Næringslivkontoret ved UMB innleier denne hausten eit samarbeid med ideportalen.no. Ideportalen er ein nettbasert møtestad for bedrifter og studentar på ulike nivå. Formålet er å styrkje kontakten mellom næringsliv og høgare utdanning ved å formidle studentoppgåver og sommarjobbar. Nettstaden er gratis for alle brukarar.
ideportalen.no spring ut frå universitetsmiljøet i Trondheim. Både Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg støttar tiltaket økonomisk.
Fullt hus Interessa for Karrieredagen er aukande og i år vel heile 55 bedrifter og profilere seg overfor studentane.
På Karrieredagens eigne heimeside kan du for meir informasjon om arrangementet.
Oppdatert: 04.11.08
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: