Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Takk Noreg!

Elin Judit Straumsvåg

Frisk, passeleg fast, lekker, lett skinnande, tiltalande, lite krydra og med rein smak. Kven talar vi om; Ritt Bjerregaard. Eplet. I dag, ved Noregs landbrukshøgskole vart SM 22/6 – 01 døypt til Ritt Bjerregaard.


”Pappa”, forskar Johannes Øydvin kan stolt overrekkja smakseksemplar av eplet åt den danske politikaren og økologiske epledyrkaren Ritt Bjerregaard. Det tek minst fem til seks år å dyrka fram ein ny eplesort og da meines det ’ny’. Så arbeidet var godt i gang da Bjerregaard fylte 60 år. Landbruksministaren den gongen, Bjarne Håkon Hanssen og departementsråd Per Harald Grue var til stades i selskapet og lova ho ein eplesort kalla opp etter seg. Slikt forpliktar. Ein skuffar ikkje damene.

Ein tredje kar måtte koplast inn, ikkje vanskeleg var han å spørja heller. Forskar Johannes Øydvin har i lengre tid hatt god kontakt med sin danske ven og la seg i selane for å forska fram eplet.

Forsking er viktig
Ritt Bjerregaard hevda med all sin lågmelte styrke at vi måtte ikkje slutta med epleforsking i Skandinavia. Gjer vi det mistar vi viktig viten i løpet av kort tid. Og det er ikkje få moment som skal takast omsyn til når ein podar seg fram til ein ny sort. Sorten må bloma i rett tid, sett i forhold til frost. Dett eplene for lett ned så er det lite gunstig. Ikkje kan ein gå utifrå ein standard heller. Eit eple som vert dyrka i Sverige kan smaka kjempegodt, medan det ikkje vert like smaksrikt i nabolandet. Eller at det i eit land vert fort sjukt, eller bærer lite frukt. Ein lyt berre prøva seg fram.

Økologiske epler
Det er ikkje like mange pengar å henta viss ein vil forska på økologiske epler. Dei store pesticidfirmaene vil heller forska fram betre og fleire plantevernmiddel enn nye, gode og hardføre epler. Bjerregaard let seg ikkje uroa for mykje av det. Ho har merka seg at forbrukaren etterspør i større og større grad økologisk dyrka epler. Sjølv køyrer ho eit beinhardt regime: Ikkje noko gjødsel, vatning og sjølvsagt ikkje plantevernmiddel. Kvaliteten vert smakfull og eplene held seg godt og er robuste. Men, eit lyt tolerera eit lågare utbytte. Hennar er halvert, men ho er overtydd om det er god framtid i kvalitetsepler. Til slutt legg ho til at det er all grunn til å tru at økologisk dyrka epler har fleire antioksydantar. Altså godt og sundt på same tid.




Oppdatert: 05.09.03
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]