Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

Taler til nobelprisvinnarane

Knut Jul Meland

Denne veka hyllas dei to siste nobelprisvinnarane i økonomi, Ellinor Ostrom og Oliver Williamson, med ein konferanse ved universitetet i Delft i Nederland. Økonomiprofessor Arild Vatn er handplukka til å tale under arrangementet.


Arild Vatn. TIL HOLLAND: Økonomiprofessor Arild Vatn skal tale under den årlege økonomikonferansen ved universitetet i Delft.
Arild Vatn. TIL HOLLAND: Økonomiprofessor Arild Vatn skal tale under den årlege økonomikonferansen ved universitetet i Delft. Foto: Håkon Sparre
Torsdag 27. og fredag 28. mai held universitetet i Delft (TU Delft) sin årvisse økonomikonferanse, «Economics of Infrastructures Conference». Dette er den trettende gongen konferansen vert avvikla, og i år er heile arrangementet ein hyllest til dei siste nobelprisvinnarane i økonomi, Ellinor Ostrom og Oliver Williamson.

Alternativ løysing
Internasjonalt anerkjente Arild Vatn, som til dagleg er økonomiprofessor ved Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar (Noragric), er fyrste talar ut med sitt innlegg Institutions for sustainability - transforming the economic development path.

– Her analyserar eg ulike alternativ for å setje i verk ein bærekraftig økonomi. Den utviklingsmodellen vi har i dag er basert på kontinuerleg utviding av menneskeleg aktivitet og bruk av miljøressursar til et nivå kor bærekrafta i det lange løp er i fare, seier Vatn.

Han kjenner prisvinnar Ostrom frå tidligare gjennom fleire samarbeidsprosjekt med ho. Ostrom har også takka ja til å kome til UMB i juni 2011. Ramen for den komande vitjinga hennar er ikkje endeleg spikra.

Neste generasjon
Amerikanarane Elinor Ostrom og Oliver Williamson fekk Økonomiprisen til Alfred Nobels minne i 2009 saman for sine analysanar av økonomisk organisering.

Ostrom vart premiert som følgje av sitt arbeid med økonomisk overvakning. Ho har vist korleis grupper kan lukkas med å styre felles eigedom. Williamson fekk prisen for utviklinga av ein teori der forretningsselskap fungerar som modell for konfliktløysing.

Universitetet i Delfts skriv på heimesida si at dei ynskjer å bruke dei to prisvinnaranes særeigne tilnærmingar i debatten om regulering av neste generasjon økonomiske infrastrukturar.   

Publisert: 26.05.10
Oppdatert: 27.05.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]

 
Relasjoner til saken

Arild Vatn

Vatn fekk Thor Heyerdahl-professoratet ved UMB i 2008.

Han arbeider med tema i grenselandet mellom miljø- og utvikling.

Vatn er internasjonalt omtykt gjennom ulike publikasjonar. Han har motteke den prestisjefulle Thorstein Veblen-prisen for boka Institutions and the Environment.

Vatn leier Noregs forskingsråds program Miljø 2015, er president i European Society for Ecological Economics og sit i styringsgruppa for det regjeringsoppnemnde Klima21  - eit strategisk forum for klimaforsking.