Aktuelt
UMB besøkjer over 200 vidaregåande skuler
Helene Børretzen Fjørtoft
Våren er høgsesong for å profilera seg ovanfor studiesøkande ungdom. Denne våren sender Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) ut studentambassadørar til over 200 vidaregåande skular for å informere om sitt studietilbod.
UMB har gått saman med dei andre universiteta i Sør-Noreg om å lage ein universitetsturné. Eit team med ein representant frå kvart av universiteta reiser då saman rundt til vidaregåande skular. Kvart universitet har ansvaret for turnèen i sin region, UMB har til dømes ansvaret for Akershus og sender studentambassadørar til dei andre fylka.
Universitetsturnéen i Akershus - dato og tidspunkt for skolebesøk
Johan Daniel Berlin fra Skoletjenesten ved UMB introduserer universitetene i Norge for elevene ved Ski videregående skole. Etter fellessamlingen har elevene mulighet til å oppsøke hvert enkelt universitet for å få nærmere informasjon om studiemulighetene.
I løpet av fem hektiske veker i januar og februar får 167 vidaregåande skular i Akershus, Oslo, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag besøk av turnéen.
Populært tilbodPå kvar skule får avgangselevane ei orientering om høgare utdanning i Noreg og ein kort presentasjon av dei enkelte universiteta. Etter dette kan elevane velje kven dei vil høyre meir om og få ein litt lengre presentasjon av studietilbodet og studentmiljøet.
Sidan det er konkurranse om tida til dei vidaregåande elevane har opplegget til universiteta, der det vert gjeve mykje god og relevant informasjon på kort tid, vorte svært populært. Det er tredje året at universitetsturnèen vert arrangert, og den vert kanskje utvida med Universitetet i Nordland neste år.
200 skularSidan store delar av Austlandet og Nord-Noreg ikkje vert dekka, og det ikkje er plass til alle vidaregåande skular som ynskjer å vere med på turnèen, sender UMB òg ut ambassadørar til enkeltskular over heile landet. Ofte er det studentar med ei lokal tilknyting som lagar ein miniturné i sin region.
Totalt besøkjer UMB difor over 200 vidaregåande skular over heile landet. I tillegg er UMB representert på alle dei store utdanningsmessene frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord.
Smakstilsettere av rang. Kanskje blir det ny iskremsmaker i butikkene etter innspillene fra elevene fra Ås ungdomsskole?
Foto: Eivind Norum
Eit anna populært tilbod som bidreg til å gjere studietilbodet ved UMB kjent er ein invitasjon til å besøke universitetet. Skuleklassar får eit gratis opplegg tilpassa sitt fag og nivå der dei får bruke universitetets laboratorium og dyktige forelesarar.
Eit døme er ”krimgåten” der elevane lærer om DNA og ulike bioteknologiske metodar og må bruke desse for å finne ut kven som er mordaren. Om lag sytti skuleklassar nyttar tilbodet og besøkjer UMB kvart år.
Publisert: 06.01.12
Oppdatert: 11.01.12
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: