Navigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.
OM NMBU
STUDIER
FORSKNING
ENGLISH
Aktuelt
Hovedsiden


UMB bidrar til auka avling i Etiopia

Åsmund Bjørnstad

Nytt partnarskap forma mellom bønder og forskarar i Etiopia.


SAMLET RUNDT BYGG: I midten Dr. Salvatore Ceccarelli frå ICARDA og Dr. Fetien Abay, omgjevne av to kvinnelege bønder som tek del i prosjektet. På flankane UMB-professor Åsmund Bjørnstad til venstre, og stipendiat ved IPM (NUFU-prosjektet) Yemane Tsehaye til høgre.
SAMLET RUNDT BYGG: I midten Dr. Salvatore Ceccarelli frå ICARDA og Dr. Fetien Abay, omgjevne av to kvinnelege bønder som tek del i prosjektet. På flankane UMB-professor Åsmund Bjørnstad til venstre, og stipendiat ved IPM (NUFU-prosjektet) Yemane Tsehaye til høgre. Foto: Mekelle University
– Dette prosjektet er ei Guds signing. Aldri før i livet har eg opplevd at universitetsfolk kunne ha noka interesse av korleis ein fattig bonde som eg lever, enn sei få det betre, seier Gebregiorgis, ein 68-år gamal bonde frå bygda Habes i Tigray-regionen i Nord-Etiopia.

Han har opplevd ei auke i byggavlinga si etter at eit  forskingsprosjekt vart satt i gong med føremål å foredle fram høgtytande bygg i Nord-Etiopia. Det heile tok til på UMB.

«Himblil»
I doktoravhandlinga si ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i 2007 undersøkte Dr. Fetien Abay  kvifor bønder i Tigray-regionen ikkje dyrkar dei byggsortane som er tilrådde frå den statlege forsøkstenesta – trass i lågt avlingsnivå og at bygg er den tredje viktigaste matkjelda.
Nøkkelen var å prøve ut sortane under bøndenes eigne vilkår, ikkje på langt meir gunstige forsøksstasjonar. For å få dette til, måtte bønder som Gebregiorgis sjølve ta del i forsøka, noko dei gjorde med stor interesse. Nærare 250 bønder i regionen deltok.

Ho synte og at den høgast ytande sorten i forsøka var «Himblil», vald ut av den då 87 år gamle fjellbonden Kahsay Negash. Sorten hans spreidde seg raskt då den blei kjent gjennom forsøka til Fetien.

Les meir om Dr. Fetien Abays  doktoravhandling «Mangfold, tilpassing og genotype – viktig miljøsamspill i byggsorter».
HØGTYTANDE BYGG: Byggsorten «Himblil». BARLEY: The barley with the most yielding variety proved to be «Himblil».
HØGTYTANDE BYGG: Byggsorten «Himblil». BARLEY: The barley with the most yielding variety proved to be «Himblil». Foto: Mekelle University
 
Verdskjend foredlar involvert
Dette arbeidet har halde fram i eit samarbeidsprosjekt med UMB og Mekelle University (MU), der Abay i dag er tilsett. Prosjektet bær namnet «Seed Safety through Diversity» og er finansiert av Nasjonalt program for utvikling, forskning og utdanning (NUFU).

NUFU hadde også løyvd middel til ein «Seed Safety through Diversity»-workshop som fann sted i Tigrays hovudstad Mekelle i dagane 6. til 8. oktober 2009. Møtet blei dekt av etiopisk fjernsyn og kringkasta blant anna på dei nasjonale nyheitsendingane.

– Eg har erfaring med prosjekt utanfrå som påla oss løysingar som ikkje fungerte, men dette gjer oss i stand til å finne løysingar sjølve, sa Mulugeta, den unge ordføraren i bygda Hames.

  Bland dei kring 30 deltakarane var seks bønder og dessutan dei fremste byggforskarane i landet. Særskilt invitert var Dr. Salvatore Ceccarelli, den tidlegare leiaren for byggforedlinga ved det Internasjonale instituttet for landbruk i tørre område (ICARDA). Han er verdskjend for arbeidet med  deltakande metodar saman med bønder i marginale område i Syria,  Jordan og andre land.

FORSØKSFELT: Involverte i prosjektet poserer foran skiltet med NUFU og UMBs logo ved eit av forsøksfelta. Prosejktleiar Fetien Abay er nummer tre frå venstre og UMB-professor Åsmund Bjørnstad står som nummer ein frå venstre.
FORSØKSFELT: Involverte i prosjektet poserer foran skiltet med NUFU og UMBs logo ved eit av forsøksfelta. Prosejktleiar Fetien Abay er nummer tre frå venstre og UMB-professor Åsmund Bjørnstad står som nummer ein frå venstre. Foto: Mekelle University
 Kan nyttast i andre regionar Eit viktig resultat frå møtet var at etiopiske byggforskarar rosa resultata i Tigray og at slike metodar var verdifulle også i andre regionar. Dernest synte NUFU-prosjektet fram lovande byggliner frå kryssinga mellom «Himblil» og den mest utbreidde sorten i Tigray, «Saesa».

  Denne kryssinga blir studert vidare mellom anna med molekylære metodar for å forstå tilpassingseigenskapane.

  Vidare kunne Dr. Ceccarelli love at ICARDA kan ta på seg eit større tal kryssingar, som så kan prøvast ut i Etiopia. Dei kan hjelpe med nye statistiske forsøksplanar som gjev meir presise forsøk. På grunn av ei løyving frå Italia med sikte på Etiopia, kan dette ta til alt neste år. Dette kjem i tillegg til eit prosjekt frå Holland for utvikling av lokale såvarekooperativ og eit forskingsprosjekt frå EU via ICARDA.

 

Oppdatert: 18.11.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

 
Emneord

- Forskning
- Internasjonalisering
- Mat
- Utvikling