Sidenavigasjon: Hovedside / Aktuelt [Sidekart] [Kontakt] News
Tekststørrelse.

Det levende universitet i Ås

UTDANNING
Studietilbud 2012
Etter/videreutdanning

For PhD-studenter
For UMB-studenter
For undervisere
For skoler og lærere

FORSKNING
Forskningen ved UMB
For forskere
For næring og samfunn

OM UMB
Hovedside
Alumni
Ansatte
Ledige stillinger
Institutter og sentre
Universitetsledelsen
På tur i parken

ANNET
Allianser og samarbeid
Biblioteket
Campus Ås
Konferanser etc.
Nyheter fra UMB
- Nyhetsarkiv

Presserom
RSS
Følg oss på Facebook

Aktuelt

UMB sette lærarane på skulebenken

Knut Jul Meland

Lærarar frå fjern og nær samla seg på UMB for fagleg påfyll under årets fagleg-pedagogisk dag.


 GOD TONE: SVs parlamentariske leiar, Bård Vegar Solhjell, og tidligare Venster-leiar, Odd Einar Dørum, bidro til ein sober debatt om utfordringer i skulen.
GOD TONE: SVs parlamentariske leiar, Bård Vegar Solhjell, og tidligare Venster-leiar, Odd Einar Dørum, bidro til ein sober debatt om utfordringer i skulen. Foto: Bente Geving
Kvart år arrangerer Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) ved UMB faglig-pedagogisk dag. Arrangementet er fyst og fremst mynta på lærarar i vidaregåande skule, på ungdomstrinnet og ved høgskuler. Gjennom foredrag, debatt og sosiale rom er målet og tilby ein spanande dag som kan gje både inspirasjon og oppdatering til eiga undervisning og høve for faglege diskusjonar med kollegar.

Blant tema var «korleis skapa begeistring for realfag?»

– Det ergrar meg at dei organismane som er så viktige for livet vårt – eg tenkjer på husdyra, kulturplantane og mikroorganismane vi brukar for å foredle maten vår – har ei so liten plass i skulen. Difor er eg glad for at vi som universitet bidreg til at slik kunnskap kjem inn i skulen, og for at de som lærarar kjem hit for å ta med nyttig lærdom tilbake til arbeidsplassen, sa rektor Knut Hove i opningstalen.
FOREDRO: Ole Andre Sivertsen, blant anna kjent frå fjernsynsprogrammet Newton byrja det heile.
FOREDRO: Ole Andre Sivertsen, blant anna kjent frå fjernsynsprogrammet Newton byrja det heile. Foto: Bente Geving

– Som eit bedehus
Dagen byrja med foredrag av forfattar og fjernsynsfjes Ole Andre Sivertsen, kjent frå blant anna NRKs programpost «Newton». Han gjorde ein god jobb med å stikke hol på mytane om at realfag ikkje har nytteverdi utafor klasseromma, og talte inspirert og ledig om eigne erfaringar som kunnskapsformidlar.

Arrangementet hadde vel 100 eksterne påmeldte i tillegg til ein rekke UMB-arar. Likevel vart det mange ledige sete i Bioteknologibygningens Auditorium Arabidopsis.

– Som lærar hadde eg forventa at de ikkje satt så spreidd, men heller fylgde dykkar eiga stadige oppfordring til elevane om å «trekke framover», sa Sivertsen muntert før ein av dei meir høgrøsta publikumarane avbraut han:

– No må de trekkje framover! Det ser ut som eit norsk bedehus her inne, brølte den tidligare Venstre-leiaren Odd Einar Dørum med glimt i auget.

SEVU hadde forventa fleire i salen, men tar ikkje sjølvkritikk for lågt frammøte:

– Det viser seg at lærarane ikkje så lett får tillating til dette i arbeidstida, og slik kan det ikkje være hvis skolen skal være en inspirerande arbeidsplass for dyktige fagfolk. Om SEVU skal halde fram med  å arrangere Faglig-pedagogisk dag  i den formen vi har gjort dei siste åra, må skoleeiare og skoleleiare legge betre til rette for at lærarane skal kunne melde seg på, seier Per Gussgård, rådgjever ved SEVU.
 KJØYR DEBATT: Fjernsynsfjes Ole Andre Sivertsen leia debatten der Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leiar i Sosialistisk Venstreparti, Odd Einar Dørum, tidligare Venstre-leiar, Olav Fjeld Kraugerud, post.doc og PPU-student ved UMB, Anne Gillerstedt, lektor og karrierevegledar ved Vestby vidaregåande skule, og Thor-Arne Sandli, leiar i Elevorganisasjonen i Akershus deltok.
KJØYR DEBATT: Fjernsynsfjes Ole Andre Sivertsen leia debatten der Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leiar i Sosialistisk Venstreparti, Odd Einar Dørum, tidligare Venstre-leiar, Olav Fjeld Kraugerud, post.doc og PPU-student ved UMB, Anne Gillerstedt, lektor og karrierevegledar ved Vestby vidaregåande skule, og Thor-Arne Sandli, leiar i Elevorganisasjonen i Akershus deltok. Foto: Bente Geving

I debatt
Dørum var tilstades for å delta i ein påfølgande debatt om skulevesenet, fyst og fremst korleis ein kan sikra at dei gode lærarane blir ved sin lest. 

I debattpanelet satt også Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leder i Sosialistisk Venstreparti, Thor-Arne Sandli, leiar i Elevorganisasjonen i Akershus, Anne Gillerstedt, lektor og karrierevegledar ved Vestby vidaregåande skule og Olav Fjeld Kraugerud, post.doc og PPU-student ved UMB. 

Det vart ein danna debatt med konsensus blant anna om behovet for å gi lærarane større spelerom og meir fridom til å ta sjølvstendige avgjerder, samt fjerne den tyngste byråkratiske byrda i form av krav om omfattande rapportering og tilbakemelding. 
 I SALEN: Bioteknologibygningens Auditorium Arabidopsis var fredag åstad for Fagleg pedagogisk dag.
I SALEN: Bioteknologibygningens Auditorium Arabidopsis var fredag åstad for Fagleg pedagogisk dag. Foto: Bente Geving

Mumlande professorar
På førespurnad om kva som skal til for at dei dyktige lærarane vert verande i skulen, peika lektor Gillerstedt blant anna på behovet for auka vidareutdanning. 

– Skuleeigarane og skuleleiinga må i større grad legga til rette før at vi får høve til kursing og utvikling. Det er sjølvsagt motiverande for meg, men fyst og fremst er dette noko som kjem elevane til gode ved at dei får oppdatert kunnskap, sa Gillerstedt. 

Dørum minna også om at dette var viktig innan høgare utdanning. 

– Dei professorane som berre står og mumlar under førelesingane må få hjelp til å i alle fall mumla tydeligare, sa han biletleg. 

Etter lønsj fekk publikum høve til faglig påfyll ved eit vell av ulike førelesingar før det heile vart avslutta med humorshow i regi av komikarduoen Kjetil & Kjartan. 
SCENEVANTE: Forfattar og fjernsynsfjes Ole Andre Sivertsen lyttar til rektor Knut Hoves ord.
SCENEVANTE: Forfattar og fjernsynsfjes Ole Andre Sivertsen lyttar til rektor Knut Hoves ord. Foto: Bente Geving




Oppdatert: 11.01.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)

[Besøksadresser] [Kontakt UMB] [Oversiktskart] [Ansvarlig redaktør]