Aktuelt
Universitetsturneen 2010 er i gong
Knut Jul Meland
Nytt kalenderår tydar studentrekruttering. Den store universitetsturneen har byrja, og i veke to er det Akershus-skulane som får vitjing frå UMB.
POTENSIELLE UMB-ERE: Håpefulle elever i den videregående skole på besøk ved UMB. Nå kommer UMB til elevene.
Foto: Kristian Breili
For fyrste gong i historia går Universitetsturneen av stabelen i år. Fem universitet og ein rekke høgskular deltek i det landsomfattande studieinformasjonssamarbeidet.
VIL NÅ UT: Johan D. Berlin, rådgiver i Skoletjenesten, koordinerer UMBs deltakning i Universitetsturneen.
Foto: Knut J. Meland
Vekstpotensial
På eit felles møte i mai 2009 mellom tilsette innan studentrekruttering ved alle universiteta i Noreg vart det skipa eit felles rekrutteringsinitiativ mellom
Universitetet i Oslo (UiO),
Noregs teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU),
Universitetet i Stavanger (UiS),
Universitetet i Agder (UiA), Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og
Høgskolen i Oslo (HiO).
Universiteta som deltek, pluss den lokale høgskulen, vil i år vitje utvalde vidaregåande skuler i fylka som soknar til dei enkelte universiteta. Om dette vert vellukka, er det mange fleire skuler som er interesserte i å delta neste år.
Informativt preg
– Besøka varer i tre timar og består av generell studieorientering, kortpresentasjonar av kvar enkelt lærestad, lengre informasjonsøktar med høve til spørsmål, samt stand, seier rådgjevar i
Skuletenesta,
Johan D. Berlin.
Turneen byrjar i Akershus, i hovudsak i Follo, med UMB som teknisk arrangør. Skulane som deltek er Ski, Oppegård, Nesbru, Frogn og Ås.
Deretter går ferda vidare til Stavanger i veke tre. Seinare står Agder og Sør-Trøndelag for tur. Bergen og Oslo klarte ikkje å få det til i år, men har signalisert at dei kjem for fullt neste år. Tromsø ynskjer foreløpig ikkje å delta på Universitetsturneen.
UMB deltek også på ein rekke utdanningsmesser i 2010.
Sjå den komplette lista her.
Publisert: 06.01.10
Oppdatert: 14.01.10
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: