Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Husdyr- og akvakulturvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Animal and Aquacultural Sciences
Tekststørrelse.

Hovedsiden IHA

Forskning
- Temasider
- Forskningsprosjekter
- Publikasjoner
- Husdyrforsøksmøtet
- APC
- Cigene

Studier ved IHA

Forskerutdanning
- PhD studenter
- PhD avhandlinger

Andre IHA sider
- Kurs/seminarer

Om oss
- Ansatte
- Om IHA
- Organisasjon
- Styret
- Administrasjonen
- Årsmelding
- Faggrupper
- Fistelkuene

Samarbeidspartnere

Tekniske tjenester
- Labanalyser - priser
- Stoffskifteavdelingen
- Datatomografen

Fôrtabellen

For barn og ungdom

Kontakt oss
Husdyr- og akvakulturvitenskap

Aster Abebe Woldemariam disputerte 7. desember 2010

Ane Gro Siri Skjelfjord

Næringsinnhald og anti-nutritive faktorar i beiteplanter og verdi av lauv som tilskotsfôr til geit i det sørlege Etiopia


Husdyrhald er vanleg under ulike produksjonssystem i alle agroøkologiske soner i Etiopia. Sjølv om geiter finst over heile landet, er dei mest vanlege i tørre strok. Dei kan, betre enn sau og storfe, utnytta ein stor del av vegetasjonen, inkludert gras, urter og lauvfôr og har difor lettare for å livnæra seg gjennom heile året. Sesongvariasjonar med regn- og tørketid, gjer at det er stor variasjon i fôrtilgang og fôrkvalitet gjennom året. Normalt vil kvaliteten på fôr frå urter og spesielt gras avta mykje raskare enn for lauvfôr.

I område med både åkerbruk og husdyrhald er halm og andre biprodukt ein viktig fôrressurs. Men halm er eit proteinfattig fôr med høgt trevleinnhald. Det har difor låg næringsverdi og opptaket er avgrensa. Dyra kan knapt dekka vedlikehaldsbehovet på ein slik rasjon. Tilskotsfôring med lauvverk og frukter frå tre og buskvegetasjon kan difor vera eit viktig tiltak for å auka produktiviteten i husdyrhaldet i små driftseiningar med åkerbruk.

Dette arbeidet er samansett av fire artiklar. I forsøk I samla vi inn fôrprøvar i den varme tørketida og i hovedregntida frå viktige tre- og grasartar i beite i Borana-regionen i det sørlege Etiopia. Fôrverdien vart bestemt ved analysar for kjemisk innhald, in vitro fordøyingsgrad og in sacco nedbrytingsgrad.

I forsøk II såg vi på verknaden av polyethylene glycol (PEG) på fôropptak, fordøyingsgrad, konsentrasjon av ammonium-nitrogen, nitrogenbalanse og levandevektendring hos boranageiter. Geitene fekk høy laga av Rhodes-gras (Chloris gayana) med tilskot av enten Acacia brevispica eller Acacia seyal lauv med og utan tilskot av PEG.

Fôrverdien til lauv frå Balanites aegyptiaca samanlikna med kraftfôr vart studert i forsøk III. Kraftfôret vart erstatta med lauv i forholdet 25, 50, 75 og 100% i ein fôrrasjon med bygghalm til Arsi-Bale geiter. Effekten av behandlinga vart studert med omsyn til fôropptak, fordøyingsgrad, nitrogenbalanse, ekskresjon av purin-derivat, tilgang på mikrobiell nitrogen og fôropptak.

I del fire av dette arbeidet gjennomførte vi ei spørjeundersøking for å finna ut kva utfordringar pastoralistar i dei sørlege heieområda har med å skaffa fôr til buskapen i tørketida og om giftige planter er eit problem for husdyr.

Proteininnhaldet i lauvfôr var høgt (>10%) både i tørke- og regntid. Med unntak av A. seyal, var innhaldet av protein høgast i hovedregntida. For grasartane derimot var proteininnhaldet lågt og berre tilstrekkeleg for å dekka vedlikehaldsbehovet til dyra. Fiberinnhaldet i lauv var også lågare enn for gras. Innhaldet av kondenserte tanniner varierte frå nesten ingenting til over 30%. Generelt var verdiane for fordøyingsgrad in vitro og in sacco) høgre for lauv enn for gras. Lauvfôr har difor eit potensiale som tilskotsfôr i trevlerike fôrrasjonar. Tilskot av PEG i fôrrasjonen hadde ingen effekt på fôropptak, fordøyingsgrad av tørrstoff, organisk materiale, eller trevler (NDF), eller på nitrogenekskresjon og retensjon, eller middel dagleg tilvekst hos dyra (Forsøk II). Men geiter med PEG i fôrrasjonen hadde høgre fordøyingsgrad med omsyn til råprotein, konsentrasjon av ammonium-nitrogen og utskiljing av nitrogen i urinen. Geiter utan PEG i rasjonen hadde høgare tap av nitrogen i møkka.

Vi fann også skilnad i fôrverdi mellom ulike akasie-treslag. Geiter med tilskot av A. seyal i fôret hadde høgre fôropptak, medan fordøyingsgrad for råprotein og konsentrasjon av ammonium-nitrogen var høgast for geiter som fekk tilskot av A. brevispica. Tilveksten var også større for geiter som fekk A. seyal.

Forsøk III syner at B. aegyptiaca har eit potensiale som tilskotsfôr til halmbaserte fôrrasjonar, til og med når alt kraftfôret i rasjonen vart erstatta med lauvfôr. Alle dyra hadde positiv middel dagleg tilvekst, men vektendringane var minst for geiter som berre fekk tilskot av lauv frå B. aegyptiaca.

Oppdatert: 07.12.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Tlf: +47 64 96 51 00
Faks: +47 64 96 51 01
E-post:iha@umb.no

Webansvarlig: Janne Karin Brodin

 
Emneord

- Forskning
- Geit
- Husdyrernæring
- Husdyrfag
- Naturvitenskap
- Småfe
- Utdanning