Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Husdyr- og akvakulturvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Animal and Aquacultural Sciences
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

Hovedsiden IHA

Forskning
- Temasider
- Forskningsprosjekter
- Publikasjoner
- Husdyrforsøksmøtet
- APC
- Cigene

Studier ved IHA

Forskerutdanning
- PhD studenter
- PhD avhandlinger

Andre IHA sider
- Kurs/seminarer

Om oss
- Ansatte
- Om IHA
- Organisasjon
- Styret
- Administrasjonen
- Årsmelding
- Faggrupper
- Fistelkuene

Samarbeidspartnere

Tekniske tjenester
- Labanalyser - priser
- Stoffskifteavdelingen
- Datatomografen

Fôrtabellen

Kontakt oss
Husdyr- og akvakulturvitenskap

Betring av norsk saueavl med bruk av kunstig inseminering

Tormod Ådnøy

Frå 1960-talet har norsk saueavl vore basert på samvirke. Sauebønder har funne fram til dei beste avlsvêrane ved å prøva dei ut i vêreringar med naturleg paring av søyer i fleire flokkar i eit distrikt, og vurdering av produksjonen til lamma som blir fødde. Avlsopplegget, med tal avkom per vêr, tal søyer per vêrering etc. blei optimert med tanke på bruk av naturleg paring.


Leiv Sigbjørn Eikje
Leiv Sigbjørn Eikje Foto: Janne Brodin


Arbeidet med dette blei gjort ved Institutt for husdyravl, som nå er ein del av Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap. Status for det nåverande avlsarbeidet er gjennomgått av Leiv Sigbjørn Eikje i éin artikkel. For slaktepoeng, slaktevekt, lammetal og morevne fann ein positive genetiske endringar over år: 1,7-0,3% av middeltal for eigenskapane. For ullvekt fann ein inga endring, mens for feittklasse av slakt var det uønskt utvikling. Haustvekt og slaktevekt endra seg mindre i praksis enn den genetiske endringa ein fann, mens ein for slakteklassifisering og lammetal har hatt ei større realisert endring enn den genetiske endringa.

Noko inseminering har det vore lenge, men etter utbrot av skrapesykje og mædi har omfanget av inseminering auka for å hindra smittespreiing. Det har blitt utvikla nye insemineringsteknikkar, og prisen har gått ned. Dette gir nye muligheiter for avlsarbeidet: vêrane kan brukast til fleire søyer som kan vera spreidde over heile landet.

I doktoravhandlinga si har Leiv Sigbjørn Eikje sett på alternative avlsopplegg der naturleg paring og kunstig inseminering (KS) er brukt i ulik grad innan ein buskapsstruktur som den vi har i Noreg.

Dette er gjort ved at det er utvikla ny metode for å simulera nasjonale avlsprogram. I simulering genererer ein nye generasjonar basert på avlsverdiane til dei selekterte avlsdyra som blir foreldrar. Seleksjonen av avlsdyr er basert på blup-avlsverdiar for 10 eigenskapar. Ved å laga blup-avlsverdiane ut frå kunnskap om dei sanne avlsverdiane til dyra utan å gå vegen om å rekna ut fenotypiske målingar, blir det muleg å gjera ei slik simulering ganske realistisk, også for eit nasjonalt saueavlsprogram som det norske, der 0,3 millionar vaksne sauer lever til ei kvar tid. 

Bruk av bare naturleg paring i eit vêreringsystem som det ein har hatt, men utan utveksling av elitevêrar over ringar, ga i simuleringa ein genetisk framgang på 18 kroner per søye og år (for ein sum av eigenskapane i avlsmålet).

Bruken av KS er samanlikna i ulike system. I eit system med bare bruk av KS, både for testvêrar og elitevêrar, kunne ein oppnå 26 kroner per søye og år i genetisk framgang, om ein avgrensar til maksimalt 0,8% auken i innavl.

Likevel tilrår ein bruk av prøvevêrar i naturleg paring og elitevêrar brukt i KS. Då kan ein få 25 kroner med same avgrensing av innavl, og lågare kostnad til KS.

Ved bruk av naturleg paring også til dei yngste elitevêrane, og KS for dei som er 2,5 år og eldre, oppnår ein bare 22 kroner. Her blir talet vêrar på seminstasjon om lag som det ein vil tilrå for det førre alternativet.

Resultata over er for dei simulerte alternativa til avlsopplegg. Ein har valt parameteralternativ som det kan vera muleg å gjennomføra i praksis. Ein har prøvd dei beste 10, 20 eller 30% av søyene para til elitevêr. Per prøvevêr har ein med naturleg paring brukt 10 til 50 søyer for å finna ut kor god han er, og per elitevêr i naturleg paring har ein rekna 85-100 søyer per sesong. Med inseminering har ein rekna på alternativ der kvar prøvevêr kan nyttast til 100-500 søyer og kvar elitevêr til 300-1100 søyer.

Det blir tilrådd å bruka elitevêrane i semin, mens prøvevêrane blir brukte i naturleg paring. Kvar prøvevêr bør brukast til 40-50 søyer, og kvar elitevêr til 700-900 søyer. Elitesøyene bør vera dei 30% beste (para med elitevêr). Dette kan gi om lag 40% betre avlsframgang enn avlsopplegg basert bare på naturleg paring. Men fleire kombinasjonar av parameter vil gje tilnærma same avlsframgang.

 

Bakgrunn for doktorgradsarbeidet
Kunstig inseminering (KS) fører til nye muligheiter for saueavl. Det eksisterande saueavlsopplegget blei utvikla på 1960-talet basert på naturleg paring i vereringar. Med KS er det grunn til å revidera saueavlsopplegget.

Simuleringar som er gjennomførte i doktorgradsarbeidet til Leiv Sigbjørn Eikje viser at ein kan få omlag 40% høgare avlsframgang ved å inkludera KS i avlsarbeidet.

Tormod Ådnøy, førsteamanuensis i husdyravl, veiledar for Leiv Sigbjørn Eikje

 

Leiv Sigbjørn Eikje fra Nedstrand, Tysvær kommune i Rogaland. Han er 37 år gammel.  Han avla sin Cand. Agric grad innen husdyravl ved IHA, UMB i 2000.

 

Disputasen finner sted onsdag 17. juni kl 12.15 i auditorium H185 ved IHA.

Tittel på avhandling: Avlsopplegg for sau i Norge basert på semin / Sheep breeding schemes for Norway based on artificial insemination

Emne for forelesning: Challenges and opportunities for European sheep breeding the coming 20 years - and contributions of science

Førsteamanuensis Tormod Ådnøy har vært hovedveileder for Eikje. Assisterende veiledere har vært professor Gunnar Klemetsdal, IHA og professor Atle Guttormsen, IØR

Doktorgradsarbeidet har vært finansiert av Norsk Sau og Geit (NSG) har finansiert arbeidet saman med Noregs Forskingsråd (NFR).



Oppdatert: 11.06.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Tlf: +47 64 96 51 00
Faks: +47 64 96 51 01
E-post:iha@umb.no

Webansvarlig: Janne Karin Brodin

Emneord

- Forskning
- Husdyravl
- Husdyrfag
- Sau
- Utdanning