Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Husdyr- og akvakulturvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Animal and Aquacultural Sciences
Tekststørrelse.

Hovedsiden IHA

Forskning
- Temasider
- Forskningsprosjekter
- Publikasjoner
- Husdyrforsøksmøtet
- APC
- Cigene

Studier ved IHA

Forskerutdanning
- PhD studenter
- PhD avhandlinger

Andre IHA sider
- Kurs/seminarer

Om oss
- Ansatte
- Om IHA
- Organisasjon
- Styret
- Administrasjonen
- Årsmelding
- Faggrupper
- Fistelkuene

Samarbeidspartnere

Tekniske tjenester
- Labanalyser - priser
- Stoffskifteavdelingen
- Datatomografen

Fôrtabellen

For barn og ungdom

Kontakt oss
Husdyr- og akvakulturvitenskap

Doktorgrad om Tilapiaavl i Malawi

Liv Lønne Dille

I Malawi er fisk ein viktig del av kosthaldet. Men på grunn av overfiske i Lake Malawi har fiska kvantum og difor tilbudet av fisk gått ned. I avhandlingen vises det at to generasjonar med seleksjon for betre tilvekst gav ein fisk med 15-20% betre tilvekst enn utgangsmaterialet.


På grunn av overfiske i Lake Malawi har fiska kvantum og difor tilbudet av fisk gått ned. Dette saman med ein auke i folketalet har gjort at forbruket av fisk dei siste 30 åra er redusert frå 12 til 6 kg per person per år. Ein reduksjon i fiskeforbruket har også skjedd i andre afrikanske land. Ekspertar frå WorldFish Center har difor bedt afrikanske land om å auke produksjonen av oppdretta fisk. Då bør ein bruke ein fisk som er betre tilpassa miljøet i oppdrett og som er meir produktiv og ressurseffektiv enn vill fisk. Med dette som bakgrunn vart det i 2000 starta eit avlsprogram for den lokale tilapiaarten Oreochromis shiranus ved National Aquaculture Center, Malawi.

Alfred Maluwa frå Malawi har i samarbeid med AKVAFORSK analysert data frå dette avlsprogrammet i ei avhandling ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Utgangsmaterialet var vill fisk frå fire elvestammar i Malawi. Avkom etter kvar stamme og etter kryssingar mellom stammane vart testa i jorddammar på tre oppdrettslokalitetar som representerer ulike typar oppdrettsmiljø i Malawi.

I avhandlinga viser Maluwa at med omsyn til tilvekst er det lite å vinne ved systematisk kryssing av stammane. Derimot gav to generasjonar med seleksjon for betre tilvekst ein fisk med 15-20% betre tilvekst enn utgangsmaterialet. Bruk av dette foredla fiskematerialet vil auke produksjonen av fisk per damareal og gi ein meir ressurs- og kostnadseffektiv produksjon. Den fisken som voks best i fuktige og varme områder i låglandet, voks best også i det kjøligare høglandet. Det betyr at ein ikkje treng utvikle eigne avlslinjer for ulike klimatiske områder. Dette forenklar avlsarbeidet vesentleg.

Alfred Maluwa sitt studieopphald i Norge er finansiert av eit kvotestipend frå Statens lånekasse. Seniorforskar Bjarne Gjerde, AKVAFORSK har vore rettleiar for avhandlinga. Avlsprogrammet er finansiert av UNDP gjennom WorldFish Center.

Alfred Maluwa har ein B.Sc i Agriculture frå University of Malawi, Bunda College (1986) og ein M.Sc i Aquaculture frå University of Malawi, Chancellor College (1990). Han er Fisheries Research Officer ved National Aquaculture Center der han vil få ansvaret for den vidare utviklinga av avlsprogrammet.

Kontaktpersonar:
Seniorforskar Bjarne Gjerde, tlf. 64949514, bjarne.gjerde@akvaforsk.no, Alfred Maluwa, tlf. 64949540, alfred.maluwa@akvaforsk.no

Publisert: 01.12.08
Oppdatert: 16.12.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Tlf: +47 64 96 51 00
Faks: +47 64 96 51 01
E-post:iha@umb.no

Webansvarlig: Janne Karin Brodin

 
Relasjoner til saken

Emne for forelesning:
An overview and characterisation of breeding programs in tilapia, and suggested solutions for Africa

Tid: Torsdag 8. desember 2005 kl 1215
Sted: H185, Husdyrbygningen
Veileder: Dr. Bjarne Gjerde

Bedømmelseskomité:
Dr. Henk Bovenhuis, Wageningen University
Dr. agric Erling Fimland, Nordisk Genbank Husdyr
Professor Hans Magnus Gjøen, IHA

Emneord

- Akvakultur
- Forskning
- Husdyrfag