Husdyr- og akvakulturvitenskap
Fanny Chimwemwe Chigwa (Fanny Chilera) disputerte 6. september 2011
Ane Gro Siri Skjelfjord
Strategiar for å betre oppalssystem for geitekje til påsett eller slakteproduksjon i Noreg og Tanzania. Bruk av geitemjølk for konsum i Malawi
Samandrag fra avhandlingen - PhD thesis 2011:50Ulike oppalsstrategiar for kje kan nyttast for å optimalisera tilgangen på geitemjølk til meieri, redusera oppalskostnader og opna for auka kjøtproduksjon og bruk av geit for å oppretthalda eti ope og variert kulturlandskap. Den vanlege driftsmåten i nyare tid har vore at storparten av geitene kjear i februar og dei vert mjølka til kvota er oppfylt. Dette resulterer i ujamn produksjon gjennom året. Kje som ikkje skal nyttast til rekruttering av nye mjølkegeiter, vert enten avliva ved fødsel eller slakta før dei er måndsgamle.
Dette var bakgrunnen for å gjennomføra studie I. Vi prøva ut verknad av kjeing om våren kombinert med beitebasert oppal og ulik lengd på beitetida på mjølkeavdrått og kvalitet, dagleg tilvekst hos geiter og kje samt beiteåtferd.
Når ulike oppalsmåtar skal samanliknast, er det viktig å vurdera industriens behov for mjølk og ikkje berre tilvekst hos kjea. Kunstig oppal med fri tilgang på mjølkedrikke frå automat er eit aktuelt alternativ til at kjea går med mora, særleg i periodar på året med lite mjøk. Dette alternativet er undersøkt i studie II.
Målsetjinga med studie III var å evaluera tradisjonelle oppalsmåtar for kje i Tanzania både med omsyn til tilvekst hos kjea og tilgang på mjølk for konsum. Vi samanlikna 1) handmjølking av ein spene morgon og kveld og suging av den andre spenen med 2) mjølking berre om morgonen etter at kjea hadde vore skilde frå mora om natta, men fekk gå med om dagen og 3) eit opplegg med tildeling av mjølk frå flaske og mjølking av geitene både morgon og kveld.
Studie IV vart gjennomført på øya Likoma i Lake Malawi. I motsetnad til andre stader i Aust-Afrika, har dei lange tradisjonar med bruk av geitemjølk i hushaldet og vi ville sjå om desse erfaringane kunne vera nyttige andre stader.
I det første forsøksåret i studie I produserte geiter utan kje 42% meir mjølk enn geiter med kje og andre året var skilnaden 38%. Det var lite forskjell på tilvekst mellom einstaka og tvillingkje både første (162 og 158 g/dag) og andre året (172 og 162 g).
I studie II var avdråtten med dag- og natt-beiting 14% høgre for geiter med lengre beitetid og tilveksten til kjea var høgre begge åra i denne gruppa.
Kjea som fikk gå med mora (studie III) hadde høgre tilvekst enn kje som fekk fri tilgang på mjølkedrikke frå automat, men denne skilnaden vart delvis utjamna etter avvenning.
I studie IV var tilgjengeleg mjølk for konsum det første året 55% lågare hos geiter som ikkje gjekk med kjea samanlikna med geiter som vart mjølka på ein spene og sogen på den andre. Skilnaden mellom geiter utan kje og geiter som vart mjølka berre om morgonen var 47%. Det andre året var desse skilnadene på 49 og 64%.
Studie V synte at det er etablert ein kulturell nisje for bruk av geitemjølk i te, både ernæringsmessig og sosialt, særleg når det er gjester på vitjing.
I arbeidet er det konkludert at godt planlagt kjeoppal er viktig for å oppnå betre mjølkekvalitet og redusert arbeidsforbruk. Kjeing om våren kombinert med at kjea går med mora er eit aktuelt tiltak for å utjamna mjølkeleveransane til meieri gjennom året og auka kjøtproduksjon på overskotskje. Det er gunstig at geitene har tilgang på beite både på dagtid og om natta. Når geitene kjear tidleg på vinteren er mjølkeleveransane til meieri ofte låge og det er difor meir aktuelt med fri tilgang på mjølkedrikke frå automat. Tradisjonelle oppalsmåtar (mjølking av ein spene) er gunstige i tropane fordi fersk mjølk vil vera lettare tilgjengeleg til ei kvar tid. Mjølking berre om morgonen er også eit svært godt alternativ. Resultata syner også at det er viktig å finna ein kulturell nisje når eit nytt produkt som mjølk skal introduserast i eit lokalsamfunn.
Oppdatert: 07.09.11
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: