Avlsopplegg for sau i Norge basert på semin / Sheep breeding schemes for Norway based on artificial insemination
Hovudføremålet med denne avhandlinga er å bidra med kunnskap om korleis ein skal inkludera semin i det norske avlsopplegget for Norsk Kvit Sau (NKS), med om lag 120 000 vaksne søyer. Innleiingsvis var føremålet å oppsummera og evaluera avlsopplegget for NKS før auka bruk av semin. Såleis fokuserer Artikkel I hovudsakleg på tida frå byrjinga på 1990-talet til starten av dette tiåret, men og tilbake til då ein byrja med systematisk avl på 1960-talet. Ei beskriving av organiseringa av avlspopulasjonen i vêreringar er gitt, før genetisk og fenotypisk endring er estimert og diskutert. Genetisk framgang vart funne for alle eigenskapar i den aggregerte genotypen, unntatt for ullvekt og feittklasse, kor trenden var henholdsvis nær null og negativ. Haust- og slaktevekt hadde høgare genetisk enn fenotypisk framgang, medan det motsatte vart observert for slakte- og feittklasse og tal fødde lam.
I artikkel II vart det utvikla ein prosedyre for utrekning av estimerte avlsverdiar i stokastisk simulering. Ein utnytta informasjon om sanne avlsverdiar og tilnærma prediksjonsfeil (ko)variansar, noko som gjorde at ein ikkje trong å simulera fenotypar. Metoden som vart utvikla er fordelaktig ved simulering av store populasjonar med mange eigenskapar i avlsmålet, slik som for NKS.
I artikkel III vart metoden frå artikkel II inkludert i ei simulering som etterlikna tre avlsopplegg med ulik bruk av semin, og eit referanse-avlsopplegg med berre naturleg paring. Samanlikninga var basert på endring i aggregert genotype med 9 eigenskapar, med restriksjon på innavlsrate. Eit avlsopplegg der både prøvevêrar og dei yngste utvalde avkomsgranska vêrane (elitevêrar) vart nytta i naturleg paring i vêreringar og eldre elitevêrar vart nytta i semin, gav 25 % større genetisk frarngang enn referanse-avlsopplegget.
Den foretrukne bruken av vêrar i avlsopplegget var: dei beste 30 % av søyene para/inseminert med elitevêrar, med 900 søyer per elitevêr i semin og 50 søyer per prøvevêr. To andre avlsopplegg gav 40 % større genetisk framgang enn referanse-avlsopplegget; enten både prøve- og elitevêrar nytta i semin eller prøvevêrane nytta i naturleg paring i vêreringar og alle elitevêrane nytta i semin.
I det første av desse to avlsopplegga gav 10 % eliteparing med 300 søyer per elitevêr og 200 søyer per prøvevêr det beste resultatet. Tilsvarande tal for det sistnemnde avlsopplegget, som er det anbefalte: 30 % eliteparing, og henholdsvis 700 og 50 søyer per elite- og prøvevêr.
Nøkkelord til artikkelsøk: breeding scheme, genetic change, phenotypic change, sheep, genetic gain, rate of inbreeding, stochastic simulation