Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Husdyr- og akvakulturvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Animal and Aquacultural Sciences
Tekststørrelse.

Hovedsiden IHA

Forskning
- Temasider
- Forskningsprosjekter
- Publikasjoner
- Husdyrforsøksmøtet
- APC
- Cigene

Studier ved IHA

Forskerutdanning
- PhD studenter
- PhD avhandlinger

Andre IHA sider
- Kurs/seminarer

Om oss
- Ansatte
- Om IHA
- Organisasjon
- Styret
- Administrasjonen
- Årsmelding
- Faggrupper
- Fistelkuene

Samarbeidspartnere

Tekniske tjenester
- Labanalyser - priser
- Stoffskifteavdelingen
- Datatomografen

Fôrtabellen

For barn og ungdom

Kontakt oss
Husdyr- og akvakulturvitenskap

Med norsk mjølkegeit til Tanzania

Liv Lønne Dille

Det er no starta eit utvekslingsarbeid for å sende sæd frå norske mjølkegeiter til Tanzania. Dette for å hjelpe lokalbefolkninga med å auke delen av animalskprotein i den daglege kosten for å unngå einsidig kosthald.


Geit
Geit Foto: Liv Lønne Dille

Tanzania er eit av dei viktigaste samarbeidslanda for norsk utviklingshjelp. Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) har eit nært og godt samarbeid med Sokoine Agricultural University, ikkje minst på husdyrsida. Betre og nok mat er viktig for borna i landet.

Protein frå kjøt og mjølk (animalsk protein) er viktig i denne samanheng sidan folk ofte har eit einsidig kosthald. I landet er det 14 millionar geiter og geitekjøt er rekna for ein delikatesse. Men dersom desse geitene hadde produsert mjølk i tillegg, ville utbytet auka monaleg. Familiar med mjølkegeit har t.d. eit proteininntak på 20 g per dag, medan tilsvarande familiar med lokale kjøtproduserande geiter berre fekk 1 g animalsk protein i den daglege kosten frå sine geiter.

Det er norsk mjølkegeit som er mest populær i landet. Sidan introduksjonen i 1982 har talet på geiter auka sterkt og livdyrprisane er høge. Ein tanzaniansk arbeidar må bruka ei årsløn om han vil kjøpa ei reinrasa norsk mjølkegeit eller bukk.

I eit land utan husdyrkontroll med små buskapar er det vanskeleg å driva eit meiningsfylt avlsarbeid. Difor vert det no starta eit nytt prosjekt med målsetjing om å kopla avlsarbeidet i Noreg og Tanzania.

Det skal etablerast buskapar i Tanzania med kontrollerte geiter. Desse geitene vil med jamne mellomrom bli inseminerte med sæd frå Noreg. Bukkekje frå desse buskapane vil så bli distribuerte over heile landet både for kryssing med lokale geiter og for å fornya arvematerialet til dei mjølkegeitene som alt er i landet.

Vi trur denne samarbeidsmodellen vil fungera godt og vera med på å leggja grunnlaget for ein berekraftig mjølkeproduksjon på geit i Tanzania.



Publisert: 03.04.06
Oppdatert: 23.03.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap

Tlf: +47 64 96 51 00
Faks: +47 64 96 51 01
E-post:iha@umb.no

Webansvarlig: Janne Karin Brodin

 
Relasjoner til saken

Oversikt over alle aktive forskningsprosjekt ved instituttet

Emneord

- Forskning
- Husdyravl
- Husdyrfag
- Småfe