IKBM sin undervisningspris for haustsemesteret 2009 vart delt ut onsdag 16. juni 2010. Dette semesteret gjekk prisen til Jon Fredrik Hanssen, Arne Tronsmo, Linda Hjeljord, Ellen Sandberg, Elling-Olav Rukke og Trygve Almøy.
IKBM sin undervisningspris vert delt ut kvart semester. Prisen vert tildelt dei emneansvarlige som oppnår ei forbetring i emneevalueringa etter kriteria definert av styret ved IKBM.
Undervisningsprisen er pålydande 5000,- og skal nyttast til føremål som stimulerar til vidare utvikling av fag, pedagogisk kvalitet og/eller ytterligare forbetring av undervisninga.
Kriteria for prisen er: 1. Gjennomsnittskår betre enn 5,0 i snitt. Minimum 5 svar.
2. For emne med minimum 50 svar; gjennomsnittskår betre enn 4,0.
3. Forbetring i emneevaluering på 1,0 over ei toårs periode og evalueringa har ein skår på over 4,0. Minimum 5 svar.
4. Dersom nokon er kvalifisert for prisen to år på rad, må evalueringa vise ei forbetring frå førre år.