IKBM sin undervisningspris for vårsemesteret 2009 vart delt ut fredag 18. desember. Dette semesteret gjekk prisen til Linda Godager, Lars Skjeldal, Morten Sørlie og Gerd Vegarud.
IKBM sin undervisningspris vert delt ut kvart semester. Prisen vert tildelt dei emneansvarlige som oppnår et forbetring i emneevalueringa etter kriteria definert av styret ved IKBM.
Vårsemesteret 2009 gjekk prisen til: - Lars Skjeldal: KJB200 - Biokjemi - Morten Sørlie: KJM100 - Generell kjemi - Gerd Vegarud: MVI270 - Melk som råvare - Linda Godager: BIO211 - Laboratorieøvelser i molekylærbiologi
Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Undervisningsprisen er pålydande 5000,- og skal nyttast til føremål som stimulerar til vidare utvikling av fag, pedagogisk kvalitet og/eller ytterligare forbetring av undervisninga.
Kriteria for prisen er: 1. Gjennomsnittskår betre enn 5,0 i snitt. Minimum 5 svar. 2. For emne med minimum 50 svar; gjennomsnittskår betre enn 4,0. 3. Forbetring i emneevaluering på 1,0 over ei toårs periode og evalueringa har ein skår på over 4,0. Minimum 5 svar. 4. Dersom nokon er kvalifisert for prisen to år på rad, må evalueringa vise ei forbetring frå førre år.