Kjemi, bioteknologi og matvitenskap
Trainee i TINE BA
IKBM
Solfrid Kleppe jobbar som Trainee i TINE, der ho gjennom et to-årig jobbengasjement er utplassert på fleire lokasjonar. På denne måten får ho verdifull kjennskap til TINE som bedrift gjennom verdikjeda.
Solfrid Kleppe
Foto: Solveig Ouren
BakgrunnBachelor i Næringsmiddelteknologi frå Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST)
Master i Matvitenskap frå UMB.
Jobben min i dagI dag er eg ansatt som trainee i TINE FoU senter på Kalbakken. Som trainee er målet å bli kjent med TINE som bedrift gjennom heile verdikjeda. Dette betyr i korte trekk at ein må vere fleksibel og flytte på seg i tillegg til hospitering rundt i bedriften for i større grad få innsikt i korleis alt heng saman.
Det eg i hovedsak jobbar med i dag er oppgåver innanfor fagområdet Miljø. Her blir eg utfordra på mange områder som i stor grad er dagsaktuelle, og opplever det som eit veldig samansatt område. Det eg raskt har erfart i den tida eg har jobba innanfor miljø er at ein må jobbe tverrfagleg, og bruke "ballasten" frå studietida, noko som for meg gir ei bratt læringskurve.
Som trainee har eg også jobba med produktutvikling på ost og fett produkt ved FoU i Stavanger. Her fekk eg sjå og prøve ulike aspekt ved å jobbe med produktutvikling i praksis med god nytte av meierifag, produktutvikling og forsøksdesign & dataanalyse frå studietida.
Nytteverdi av utdanningaTilfeldigheitene gjorde at eg begynte å studere matvitenskap, men eg ser at mykje av det vi lærte under studiet er nyttig både i jobbsamanheng og privat. Ein får ei grunnpakke som student, som må byggast på i arbeidslivet og omformast til praktisk bruk. Fordelen eg opplevde med å ta ein mastergrad er at ein får eit større perspektiv på ting og blir flinkare til å sjå samanhengar. I tillegg så betyr eit godt studiemiljø mykje, og bidreg til økt motivasjon for eit studie.
Publisert: 01.02.11
Oppdatert: 04.04.11
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: