Landskapsplanlegging
Dårleg bukvalitet påverkar helse og livskvalitet
Kjersti Sørlie Rimer
Kine Halvorsen Thorén er med i Byboligaksjonen. Den reiser debatt rundt søkkande kvalitet på uteområde i tette byar, basert på forsking på korleis lysforhold, innsyn, tilgang til grøne- og parkareal verkar inn på livskvalitet og helse.
Kine Halvorsen Thoren
Foto: Trond Solem
Nye bustadprosjekt held ikkje mål Kine Halvorsen fortel at i den seinare tida har kontroll av og fokus på bukvalitet fått mindre merksemd. No er det marknaden som styrer og dermed legg utbyggjarane i stor grad premissane for byutviklinga, og såleis også for bukvaliteten. Den førre regjeringa gav ut ei bustadmelding som framleis er gjeldande. Denne seier at det er marknaden som skal regulere kvaliteten.
Husbanken si rolle som garantist for kvalitet har også stansa. Tilskota som Husbanken hadde til bukvalitet er borte. Norsk institutt for by og regionforsking (NIBR) ga i år ut rapporten ”Fortett med vit". Eksempel frå fire norske byr” der Halvorsen Thorén bidrog som konsulent i samband med utval og vurdering av prosjekta. Rapporten blei oppstarten på Byboligaksjonen, eit initiativ frå bustadforskarar på NIBR Forskarar både frå NIBR og fagfolk frå ulike miljø, inkludert professor Kine Halvorsen Thorén frå UMB, er med i arbeidsutvalet i Byboligaksjonen.
Boligkompleks som står for tett
Foto: Kine Halvorsen Thorèn
Økonomiske omsyn og planlegging utan tanke på livskvalitet Studier viser at nyare bustadprosjekt legg lita vekt på bukvalitet. På synfaringar finn vi ofte husvære som berre har vindauge mot nord og husvære som ikkje har tilgang til sol, fortel Thorén og fortset oppramsinga. Vi finn tronge og feilplasserte balkongar som er lite eigna til å bli brukt. Det er leilegheiter som har direkte innsyn, slik at vindauge alltid blir dekte med gardiner. Desse medføra igjen at bebuarane ikkje får inn dagslys.
Leilighet med innsyn og dårlig uteplass
Foto: Kine Halvorsen Thorèn
Uteplassar er svært tronge og planta til på ein særs uhøveleg og lite triveleg måte. Bustadblokkene står for tette og tilførslesvegar går rett utanfor inngangsparti eller private sitjeplassar. Uteområda er for små og det finst ikkje område der barn kan tumle og leike. Få stader er planlagde på eit områdenivå som sikrar tilgang til tryggje gatemiljø og trygg veg til nærmaste park eller grøntområde.
Bybustader ikkje tilpassa barn Barna er dei store taparane. Dei får ikkje tilstrekkeleg med areal for leik. Særleg rammar dette dei litt større barna som ikkje kan sleppast laus i trafikken aleine og som treng plass for den stormotoriske leiken. Sett på spissen kan dette påverke motorikk og på sikt også helsa, legg Kine Halvorsen Thorén til.
Lekeplass i nytt boligkompleks
Foto: Kine Halvorsen Thorèn
- Den norske bypolitikken går ut på at vi skal bu tettare og ikkje spreie byane ut i omkringliggjande landskap. Dette er viktig både av omsyn til overordna klimamål om å redusere privatbilbruken og fordi vi Noreg ønskjer å bevare dei bynære skogane og ta vare på dyrka mark. Dette inneber at vi må fortette innanfor allereie utbygde område. Det er derfor særdeles viktig at vi utviklar byar som folk ønskjer å bu i. Då er barnefamiliane viktige fordi barn ofte er eit slags ”lim” i nærmiljøet. Når barna når ein viss alder viser det seg likevel at barnefamiliane flytter ut. Husværa er ofte for små og uteareala blir oppfatta som farlege og lite tiltalande av foreldra. Ein vond sirkel fortset fordi utflytte barnefamiliar også gir til auka trafikk og dårleg miljøforhold i byane. Barnefiendtlege byar er også miljøfiendtlege byar.
Lite trivelig uteplass
Foto: Kine Halvorsen Thorèn
Byboligaksjonen Det er viktig å understreke at byboligaksjonen ikkje er i mot fortetting, seier Kine Halvorsen Thorén, men aksjonen er oppteken av at ein skal fortette med kvalitet eller med vit. Som medlem i arbeidsgruppa legg Kine Halvorsen Thorén vekt på at byboligaksjonen ønskjer å skape blest rundt temaet for å få betre planløysingar. Målgruppa er politikarar på alle nivå i systemet. Vi er også opptekne av å nå fagfolka og utdanningsinstitusjonane for desse. Førebels har aksjonen lukkast og har fått ein god del fokus i media.
Gruppa er oppteken av å få i gong debatt om temaet og skriv derfor både kronikkar og lesarinnlegg. Vi har også delt ut årets Gråbeinspris, fortel Kine Halvorsen Thorén. Dette er ein pris som skal gå til utbyggjarar eller kommunar med dei verste prosjekta. Dessverre var det ikkje vanskeleg å finne kandidatar.
Korleis kan Institutt for landskapsplanlegging hjelpe? Institutt for landskapsplanlegging utdannar kandidatar som vil få viktige rollar i framtidas byutvikling anten dei er frå eigedomssida, er by- og regionplanleggjarar, landskapsarkitektar eller landskapsingeniørar. Instituttet må derfor ta problematikken på alvor og sørgje for at undervisninga gir eit godt nok fundament for at dei framtidige kandidatane kan medverke til betre og meir berekraftige byar.
Vi har mange gode føresetnader for dette hos oss, men vi kan framleis bli flinkare til å utnytte kompetansen på tvers av faga. Det er også mange spennande utfordringar på forskingsfronten, og eg gleder meg til framhaldet avsluttar Kine Halvorsen Thorén.
Benk for ettertanke, Andedammen UMB (Svanedammen)
Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Publisert: 09.12.08
Oppdatert: 10.01.09
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: