Navigasjon: Hovedside / Institutter / Landskapsplanlegging [Sidekart] [Kontakt] Landscape Arch. and Spatial Planning
Tekststørrelse.


OM ILP

STUDIER

FORSKNING

FORSKERSKOLEN

ETTERUTDANNING

ILP I MEDIA

NYHETSARKIV

KONTAKT ILP
Landskapsplanlegging

Den holistiske landskapsarkitekten

Kjersti Sørlie Rimer

Johanne Broch Hauge har i si masteroppgåve fletta inn eit avsnitt om kva for oppgåver og rolle ein landskapsarkitekt og forvaltninga har.  Ho kallar det den holistiske landskapsarkitekten.


Johanne Broch Hauge
Johanne Broch Hauge Foto: ukjent

Utdrag frå masteroppgåva:

Fysisk tilrettelegging i verna natur – moderne forvaltning av natur og friluftsliv

Av Johanne Broch Hauge













Den holistiske landskapsarkitekten
Etter mi meining er det landskapsarkitekten si oppgåve å kunne ta fleire omsyn på ein gong, kunne sjå fleire sider av ei sak og setje seg inn i fordelar og ulemper for dei involverte partar. Det er ein del av utdanninga og faget til landskapsarkitekten som gjer oss skulerte i å setje saman fagfelt og sjå desse i lys av kvarandre.

Sommerpuss ved Svanedammen, UMB 2010
Sommerpuss ved Svanedammen, UMB 2010 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Som til dømes i byplanlegginga skal me kunne tenke både på miljøet, mennesket og bystrukturen, for å få til ein kombinasjon som er best mogleg. Det skal være plass til både syklist, bilist og fotgjengar, samstundes som ein skal tilby grøne lunger og plass til næringsverksemd. 


Landskapsarkitekten kan kanksje kallast ein slags antropolog. Ein som evnar å føre ein holistisk tankegang, med omsyn til behov, ynskjer og krav hjå både mennesket og landskapet eller naturen, for å søkje ei løysing som gagnar alle partar.



Den norske forvaltninga er organisert med ei rekkje fagsektorar, der kvar har ansvaret for sitt tematiske- og/eller geografiske område. Denne inndelinga kan påvirke arbeidstilhøva i forvaltninga, då det kan oppstå konkurranse i staden for samarbeid mellom dei ulike fagsektorane. Dersom ein er villig til å inngå kompromiss for å få meir samla løysingar, kan ein kanksje hauste nokre av godene sjølv også? Slik det til dømes kan vera med kunnskap om natur og miljø.

Den siste blomst
Den siste blomst Foto: Lydur Skulason


Oppdatert: 17.08.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for landskapsplanlegging

Postboks 5003, 1432 Ås

Tlf.: 64 96 53 00
Faks: 64 96 53 01
E-post: ilp@umb.no 

Facebook

 
Emneord

- Landskapsarkitektur
- Utdanning