Landskapsplanlegging
Grøne tak og fasadar i den urbane grøntstrukturen
Kjersti Sørlie Rimer
Aumund Hareland -
Veileder: Lars Fischer -
Mastergradsoppgave ILP 2009
SamandragKvifor er grøne tak og fasadar nytta så lite i norske byar?
Det er eit faktum at me i dag har valt, ut frå miljøomsyn, å fortetta byane og leveområda våre. Det får konsekvensar for grøntområda her, som ofte blir mindre og samstundes får større belastning. I denne oppgåva tek eg føre meg det å dekka bygde flater i byar med vegetasjon. Kvifor dette er relevant og kva gevinstar som kan oppnåast ved det blir teke opp. For å få gode resultat for heile område og byar er det også naudsynt å tenkja på temaet i samband med eit overordna perspektiv og som plangrep.
Eg har studert ei lang rekke ulike tekstar, bøker og artiklar. Det er skrive ein god del om temaet, men mykje av det er meir teknisk retta. Eg har freista å samla informasjon som er relevant og som har direkte verdi for menneska i byen, ikkje berre for ingeniørane i kommunen. Når det gjeld generelt for grønt i by, er det langt meir materiale som omtalar det i samband med menneskelege gevinstar, både psykiske og fysiske. Eg har i oppgåva sett på kva som vil vera relevant for grøne tak og fasadar, og også trekt ut kva som er særleg positivt.
For å konkretisera emnet har eg bruka ein metode der eg undersøkjer gode døme og gjer dei overførbare til eit prosjektområde. Eg har gjort ein studie på aktuelle og spanande anlegg rundt i verda. Dei er vurderte, omtala og evaluerte etter gjevne kriterium. Så har eg bruka det eg har lært til å koma med forslag på korleis eit stort transformasjonsområde på Ensjø i Oslo kan bli grønare med hjelp av slike løysingar.
Det er ingen tvil om at me her i Noreg har mykje å læra frå mange andre stader i verda, der dei har kome mykje lengre enn oss med å ta med vegetasjonen som ein fullverdig del av arkitekturen. Potensiala ved å bruka grøne tak og fasadar aktivt i urbane strøk kan vera særs store, og dei positive effektane mange. Dette burde derfor brukast som eit aktivt grep av planmyndigheitene for å få meir vegetasjon og betre levemiljø i byane våre.
Val av tema og problemstilling
Temaet eg har valt er stort og har mange retningar det kan vandra mot. Det er også gjort fleire oppgåver på grøne tak tidlegare ved same instituttet der eg studerer. Eg har alt gjort det klart at eg ynskjer å sjå på temaet særleg i forhold til fortetting. Min bakgrunn som overordna landskapsarkitekt gjer at eg også ynskjer å sjå på grønt på bygde flater i ein større samanheng, ikkje berre på detaljuforming av enkeltprosjekt.
Grunnlaget for valet mitt er todelt:
1. Eg er særs fascinert av mogleikane som finst innafor bruk av vegetasjon på bygde flater, og av mogleikar til å laga flotte uterom av areal som elles ikkje ville hatt noko særleg verdi. Eg tenker her på konseptet av å ta i bruk desse flatene og å gje dei liv, bokstavleg talt.
2. Byar kan i nokre samanhengar væra ”triste” stader å bu. Me er i dag avhengige av å fortetta leveområda våre, og då særskild der det alt er størst opphoping av menneske. Frå eit planleggarsynspunkt ynskjer ein då å gjera dette på ein god måte der det samstundes skapast gode leve- og opphaldsområde. Og det er i denne samanhengen spørsmålet om korleis samanfell med punkt 1 over.
Dermed har eg til dels sett oppgåva mi. Eg ynskjer å fokusera på vegetasjon på bygde, harde overflater i byar, og korleis det kan gje noko att til menneske, og betra deira livskvalitet. Dette er særleg viktig i samband med fortetting sidan det i dei samanhengane blir ytterlegare press på områda, noko som kan føra til dårlegare livskvalitet.
Kva tema er det så som gjev direkte menneskelege gevinstar?
Her er det fyrst og fremst estetikk, og estetikken sitt samband med mental helse som kjem naturleg inn. Grøntområde er enormt viktige, som eg vidare vil utdjupa, for folk sin velferd og trivsel (livskvalitet). Byar kan væra særs einsforma og visuelt kjedelege. Mykje tyder på at vegetasjon kan gje store gevinstar
med relativt liten innsats slik at menneske kan føla seg betre til sinns. Men det er også ei rekke miljøaspekt som det er aktuelt å nemna i samband med å gje betre leveforhold for menneske.
Luftkvalitet, temperatur, støy og dyreliv er nokre av dei faktorane som kan påverkast av grøne overflater.
Vala over fører til at eg i større grad vil sjå på meir frodig typar vegetasjon enn til dømes Sedumtak (planteslekta sedum er sukkulente staudar med låg vekst og tjukke blad som er bruka ein del som særs lette grøne tak). Desse har mest verdi som tekniske løysingar. Dei er særs effektive i samband med lokal
overvasshandsaming og har også gode miljøgevinstar, men er mindre verdifulle som grøntområde for menneske, visuelt og estetisk. Eg ynskjer ikkje med dette å nedvurdera nytta av Sedumtak, som er særs stor, og i alle høve mykje betre enn inga bruk av grønt, men i den settinga eg har i oppgåva mi er det
mindre relevant enn mange andre alternativ.
Eg ynskjer ikkje å gjera ein studie i korleis dei gjorde det før, men eit forsøk på å sjå på kva mogleikar det finst for å gjera liva betre i moderne byar og inn i framtida. Difor vil eg fokusera lite på historie. Eg vil ikkje heilt unngå temaet, eg vil til dømes visa til historiske prosjekt, men eg ynskjer ikkje å fokusera oppgåva rundt dette. Det er også gjort slikt arbeid før her på instituttet, og eg vil visa til Hovudoppgåva til Hanne Pollen (2000), som har gjort ei grundig historisk vurdering av grøne tak.
Eg ynskjer heller ikkje å leggja for mykje fokus på tekniske spørsmål og utfordringar. Det er ikkje det som er mitt fagområde, og det finst andre som er betre skikka til å gjera den delen av jobben. Eg er klar over at det er naudsynt å vera bevisst dei strukturelle krava som finst for å kunna bera den ekstra vekta som ulike jordlag og plantevekt gjev. Teknikkar for å bygga opp områda slik at dei skal halda tett mot konstruksjonen under, og å kunna gje liv til plantematerialet, er også relevante. Det er også enkelte klimakriterium som finst i desse litt annleis løysingane, i forhold til vanlege grøntområde. I dei utstrekningane det er naudsynt vil eg koma innpå temaet, men det vil ikkje vera hovudfokuset i oppgåva.
Eg kan då oppsummera med at eg vil fokusera på dei tema som gjev noko att til innbyggjarane, fyrst og fremst estetikk og miljø/økologi.
Forskingsspørsmål
Kva kan vegetasjon gjera for oss menneske i fortetta byar for å laga betre leveområde?
Korleis kan ein nytta grøne tak og fasadar til å auka opplevinga av vegetasjon i stadig meir fortetta byar?
Døme på vegetasjon brukt på ulike typar bygde flater
Foto: ukjent
Oppdatert: 14.10.09
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: