Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Landskapsplanlegging [Sidekart] [Kontakt] Landscape Arch. and Spatial Planning
Tekststørrelse.

OM ILP
- Ansatte
- Seksjon for landskapsarkitektur og design
- Seksjon for planlegging, eiendom og jus
- Kunstnere
- Hagekunsthistorie
- Virtuell Lab
- Fagdager
- Samarbeidsavtaler
- Ledig stilling

STUDIER
- Landskapsingeniør
- Landskapsarkitektur
- By og regionplanlegging
- Eiendomsfag
- Eiendomsutvikling
- Jus

PhD-STUDIER
- Stipendiater
- Prosjekter
- Publikasjoner

ETTERUTDANNING (SEVU)

- Tips oss
- Medieklipp
- Nyhetsarkiv
- Facebook
- Bibliotek
Landskapsplanlegging

Hyttebyen - visjon og realitet - eit dømestudie av Trysilfjellet

Kjersti Sørlie Rimer

Leif Conradi Skorem  - 
Veileder: Anne Marit Vagstein  - 
Masteroppgave 2009


Små Hytter på Steilene
Små Hytter på Steilene Foto: Ingrid Ødegård

Samandrag

Hyttebyar er ei form for bebyggelse som har vokse fram fleire stadar i landet i løpet av dei siste tiåra. Dei representerer store utbyggingar som grip inn i sårbare landskap, men er samstundes uttrykk for visjonar om lokal vekst og vidareutvikling av staden.

Oppgåva nyttar sørsida av Trysilfjellet som døme for å undersøkje kva kvalitetar hyttebyen som stad inneheld, og kva visjonar planlegging og utbygging av denne typen stader er uttrykk for. Vidare har eg undersøkt kommunen si rolle i utbygginga, med særleg fokus på rolla som både planmynde og pådrivar for lokal næringsutvikling.


Oppgåva sitt metodiske opplegg består av studie av litteratur innanfor den aktuelle problemstillinga, ein analyse av tre kommuneplanar og tre reguleringsplanar. I tillegg har eg gjennomført kvalitative kortintervju med eit utval sentrale aktørar innanfor utbygginga i Trysilfjellet.


Oppgåva har synt at den undersøkte hyttebyen heilt frå starten av har vore utbygd med ei sterk prioritering av teknisk infrastruktur, noko som i enkelte delområde har gått ut over grøne kvalitetar internt. Dei eldste områda har eit langt meir einskapleg preg enn nyare område, noko som skuldast ei meir samla utvikling av områda. Resultatet av utbygging av tettare område med enkeltprosjekt har gjeve enkelte område eit lite heilskapleg uttrykk, og har medført kraftig terrengbehandling og fjerning av vegetasjon. Ei sterkare styring av t.d. vegtrasear, husplassering, og estetiske kvalitetar i reguleringsplanar vil kunne bidra til å betre dette i framtida.


Undersøkingane mine viste at ein ikkje einsidig kan hevda at kommunen finn det motsetnadsfullt å setja krav i planprosessar når dei samstundes skal legga til rette for næringsutvikling. Viljen til ei sterkare styring frå kommunen si side kjem klart til uttrykk gjennom innskjerping av føresegner knytt til hyttebygging i kommuneplanens arealdel. informantane avkrefta langt på veg påstanden om at kommunen unngår å stille krav for å ikkje hindre utvikling.

Manglande oppfølging av visjonar og kvalitetskrav i regulerings- og kommuneplanar skuldast hovudsakleg for dårleg kapasitet innan plan- og byggesaksbehandling. Bemanninga på dette fagområdet har ikkje vore stor nok i forhold til det utbyggingstempoet Trysil har hatt, og dette gjer at kontrollen i utbyggingsfasen har vore svak.


Utbygginga i Trysilfjellet har vore ein del av ei overordna satsing på turisme i Trysil, og eg har ut ifrå analysen påpeikt at utbygginga først og fremst er uttrykk for eit næringsutviklingsgrep. Den tette hyttebygginga har bidrege til å konsentrere inngrepa slik at andre område kan sparast, og har bidrege til viktig verdiskaping for Trysilsamfunnet. Den tette utbygginga har òg ført til ei form for stadsutvikling. Forståinga for at denne utbygginga som har pågått og stadig pågår tek form som ein stad ser ut til å vera svak. Eit sterkare fokus på landskap og byggetradisjon vil kunne gje denne typen stadar eit meir genuint og lokalt forankra særpreg.

Målsetting og problemstilling

Målet med denne oppgåva er å undersøkje om hyttebyen som ferdig utbygd stad representerer dei kvalitetane som planlegginga av områda legg opp til både på overordna nivå og på detaljnivå, og om kommunen finn det motsetnadsfullt å setja krav i planprosessar når dei òg skal driva fram ei utvikling av lokalsamfunnet.


Auka levestandard og høgkonjunktur har gjeve eit enormt utbyggingspress i somme område, og ein del kommunar er tilsynelatande i ei klemme der dei må avvega mellom omsynet til næringsutvikling og omsynet til bevaring av natur og landskap. Hyttebyar veks no fram fleire stader i landet, særleg kring alpinanlegg. Veksten har skjedd raskt og ser somme stader ut til å vera underlagt få kvalitetskrav.

Kva stadskvalitetar inneheld hyttebyen, • og kva visjonar kjem til uttrykk gjennom planlegging av denne typen område?


Gjer utviklingspresset på denne typen • stadar at kommunen som planmynde finn det motsetnadsfullt å setja krav i planlegginga som kan innsnevra utbyggarens fridom og grunneigaren sin vinst?



Oppdatert: 23.09.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for landskapsplanlegging

Postboks 5003
1432 Ås

Tlf.: 64 96 53 00
Faks: 64 96 53 01

E-post: ilp@umb.no 

ILP på Facebook

 
Emneord

- By- og regionplanlegging
- Landskapsarkitektur
- Utdanning